Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Gamlerådmannen på podiet igjen.....

Steinar Nesse har vore pensjonist i godt og vel ein månad. I dag var den tidlegare rådmannen i Fjell tilbake i Sotra Arena og snakka både om fortida og framtida då han på Aktiv+ tok oss gjennom «25 år på 60 minutt om utviklinga i Fjell». Det handla mest om gamlekommunen, men også litt om framtida for den nye kommunen.

Frank Karlsen (til venstre) var ein av mange ivrige tilhøyrarar. Til høgre; Steinar Nesse.  - Klikk for stort bileteFrank Karlsen (til venstre) var ein av mange ivrige tilhøyrarar. Til høgre; Steinar Nesse. Vigleik Brekke  

Nesse starta med å visa bilete av Straume i 1960 og Straume anno 2020. Kontrasten er formidabel. Frå nokre få hus har området utvikla seg til ein kystby og regionsenter på desse 60 åra. Folketalet har auka frå 8 500 i 1975 til 26 350 ved utgangen av 2019. Dei var nokså smålåtne i 1975 då budsjettet for Fjell kommune var på 26 millionar kroner.

- Då eg runda av i 2019 hadde driftsbudsjettet for Fjell auka til nesten to milliardar kroner, sa Nesse.

Nesse viste mange gamle bilete frå farne dagar. Til dømes då Kong Olav opna Sotrabrua i mai 1972, og då Peter B. Namtvedt etablerte seg på Ågotnes med industri tidleg på 1970-talet. Etableringa på Ågotnes skjedde parallelt med at Sotrabrua vart teken i bruk. Nesse meinte at samarbeid med næringslivet har vore ein suksessfaktor for veksten vestom Sotrabrua. I det heile tatt har samarbeidet mellom kommunen, det private og det frivillige vore svært godt.

Klikk for stort bileteSteinar Nesse Vigleik Brekke  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utviklinga av helseområdet på Straume var eit resultat av medvitne politikarar som sette av dette området til helse og omsorg.

Andre store hendingar i Fjell dei siste ti-åra er mellom anna bruer på vestsida av Sotra og nytt rådhus på Straume i slutten av 1980-talet.

- Her ser de oppslag i Vestnytt i februar 1989 der noverande ordførar Tom Georg Indrevik kallar rådhuset som ein synkande skip, sa Nesse.

Frå samlinga i Aktiv+ i dag.  - Klikk for stort bileteFrå samlinga i Aktiv+ i dag. Vigleik Brekke  
Dei frammøtte på Aktiv + denne dagen hadde fleire spørsmål til Steinar Nesse. Det handla om mest om skulestruktur og nytt sotrasamband.

- Utviklinga av kystbyen var ein viktig grunn til at det nye sambandet hamna i nord der brua er i dag, sa Nesse då han runda av etter 70 minutt. Men ingen forlet salen sjølv om gamlerådmannen snakka 10 minutt på overtid..............

Her er presentasjonen til Steinar Nesse. (PDF, 18 MB)


Tekst: Vigleik Brekke