Fysiopilates - trening for gravide, mor&barn

Fysiopilates - Klikk for stort bilete Øygarden kommune tilbyr fysiopilatestrening for gravide og for mor&barn. Treninga er leia av kommunal fysioterapeut. Gravidetreninga er for alle gravide frå svangerskapsveke 14 fram til termin. Mor&barn-treninga er for alle barselkvinner med baby frå tidlegast 6 veker etter fødsel. 

Har du plager med bekken, rygg eller nakke kan dette vere spesielt nyttig for deg, men alle er hjarteleg velkomne!

Tidspunkt:   Gravide: onsdagar 15.00-16.00

                   Mor&barn: onsdagar 11.00-12.00

Stad:           Treningssalen i underetasjen på Rådhuset

Pris:            Kr. 970,- for 10 treningar (betaling pr.faktura)

Ta med:       Drikkeflaske, ledige klede og ein handduk, evt teppe og leiker til barnet.


For informasjon om oppstart av grupper og påmelding ta kontakt på mail til synjoh@oygarden.kommune.no, eller ring 56 38 23 00/992 16 125  (førstemann til mølla).

 

Mvh
Rehabiliteringsavdelinga v/fysioterapeut Synnøve

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 04.04.2018
Fann du det du leita etter?