Fysiopilates for gravide, mor & barn

Pilates - Klikk for stort bilete Øygarden kommune tilbyr fysiopilatestrening for gravide og for mor&barn. Treninga er leia av kommunal fysioterapeut.

Gravidetreninga er for alle gravide frå svangerskapsveke 14 fram til termin.
Mor&barn-treninga er for alle barselkvinner med baby frå tidlegast 6 veker etter fødsel.

Har du plager med bekken, rygg eller nakke kan dette vere spesielt nyttig for deg, men alle er hjarteleg velkomne!

Tidspunkt:  
Gravide: onsdagar 15.00-16.00, med oppstart onsdag 23. august
Mor&barn: onsdagar 11.00-12.00, med oppstart onsdag 6. september

Stad:   Treningssalen i underetasjen på Rådhuset

Pris:   970 kr for 10 treningar (betaling pr.faktura)

Ta med:  Drikkeflaske, ledige klede og ein handduk, evt teppe og leiker til barnet.

For informasjon om oppstart av grupper og påmelding ta kontakt på mail til synjoh@oygarden.kommune.no, eller ring 56 38 23 00/468 31 028 (førstemann til mølla, løpende opptak ved ledige plassar).

Fysioterapeut Synnøve ynskjer alle velkomne til trening

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 30.06.2017
Fann du det du leita etter?