Funn av fugleinfluensa

Det er registrert fleire tilfelle av fugleinfluensa smitte på villfugl, i Noreg og truleg også i Øygarden kommune. Det er nyleg gjort funn av fleire sjuke og daude Havsuler. Fugleinfluensa er eit smittsam virussjukdom forsaka av influensavirus A, den opptrer hovudsakleg hos fjørfe men kan også smitte til andre dyrearter.

Ill. - Klikk for stort bilete

Illustrasjonsfoto.

Om du finn død eller sjuk fugl skal mattilsynet straks varslast. Bruk hanskar og pakk inn den daude fuglen i to plast poser og hiv i restavfall. Om fuglen fortsett er i live kan du kontakte Ettersøksringen som kan avlive fuglen. (Vakttelefon 948 54 645)

Fugleinfluensa smittar sjeldan menneske, berre ved nær kontakt med sjuk eller død fugl. Det er ingen smitta via mat eller drikkevatn. Fugleinfluensa kan gi alvorleg sjukdom hos menneske.

Sjukdommen smitter via avføring eller dråpesmitte, fjørfe som går ute er mest utsett for smitte frå villfugl. Innadørs fjørfe kan smittast passivt via menneske, fôr eller utstyr. Per nå er det ikkje registrert nye tilfelle i kommersielt fjørfehold.

Ved oppdaging av sjuk eller død fugl:

Varsle Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 eller e-post postmottak@mattilsynet.no.

Fugleartane som rammast:

  • Andefuglar (ender, gjæs, svaner)
  • Måkefuglar
  • Rovfuglar (særleg ørn og musvåk)
  • Åtseletare (kråkefuglar)

nettsida til Mattilsynet finn du meir informasjon.