Det var Vest Næringsråd som inviterte til frukostmøte. Stor interesse førte til at ein måtte nytta kinosalen. Leiar Kari-Anne Landro gav eit historisk riss på den formidable utviklinga sidan noverande sotrabru vart opna i 1972 og fram til der vi er i dag.
- Erfaringa viser at vegplanlegging tek tid, kunne ho slå fast.
Mellombels prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes orienterte om korleis OPS (Offentleg-privat-samarbeid) fungerer. Statens vegvesen er oppdragsgjevar. Sotra Link skal finansiera, byggja anlegget i fem år og ha ansvaret for vedlikehald og drift dei 25 åra som følgjer etter at sambandet er teke i bruk.
Frå venstre; Oskar Leirgulen, Christopher Bjerke, Lene Sælen Rivenes og Anders Ekanger (Vest Næringsråd)
Tusen personar
Administrerande direktør Christopher Bjerke sa at ein vil på topp koma opp i tusen personar (funksjonærar og fagarbeidarar) som jobbar med prosjektet. I dag arbeider tre – fire hundre personar med prosjektet.
Oskar Leirgulen i Sotra Link Construction opplyste at i arbeidet så langt er 40 bygningar rivne. Det går føre seg arbeid i Drotningsvik, Kolltveit og Knarrvika. 80-90 prosent av underleverandørane er norske.
- Vi er ikkje underlagt offentleg anskaffingsreglar. Dei større pakkane som vert lyste ut framover er tunellar, grunnarbeid, betongarbeid, kulvertar og strukturar (bruer over vatn og land). Det kan vera lurt at de som aktuelle underleverandørar slår dykk saman i konstellasjonar med fleire fag og at vi dermed kan ha eín kontaktperson, sa Leirgulen.
Spørsmåla frå salen omhandla mellom anna overnattingsbehov, miljøutslepp, sosial berekraft, ønske om oversikt over underleverandørar og bruk av Norsk standard.
Kommunedirektør Johnny Breivik
Informasjon
Kommunedirektør Johnny Breivik snakka om korleis Øygarden kommune samarbeider med Statens vegvesen og Sotra Link om informasjon under byggjeperioden.
- Vi opplever at folk har krav og forventningar til kommunen. Vi kan ikkje trylla vekk bilar og køar. Det er etablert samarbeid dei to aktørane i Sotrasambandet, sa Breivik.
Informasjonstiltak som er i gang og som er på trappene, er mellom anna hybrid arbeidstidsordning, haldningskampanje «Takk for at du tar bussen» (video), samkøyring og bildeling.
Tekst og foto: Vigleik Brekke