Frivillig-pris til Arvid Rong

Primus motor for Rong Brass, Arvid Rong, er tildelt Månadens frivillig-pris for september.
- Hans utrettelege arbeid er ein av hovudgrunnane til at Øygarden i dag har eit brassband i elitedivisjonen, heiter det i grunngjevinga.

Det var Torill Selsvold Nyborg som overrekte prisen til Arvid Rong. - Klikk for stort bileteDet var Torill Selsvold Nyborg som overrekte prisen til Arvid Rong.


Det var fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg som delte ut prisen måndag kveld.

- Det er ei stor æra og gleda for meg på vegner av Øygarden kommune å kunna tildela      frivilligprisen, september 2022, til deg Arvid. Akkurat no er du blant dine, her med Rong Brass i Rong Kulturhus, sa ho.

Arvid Rong er formann i Rong Brass og har sidan starten jobba med å få inn pengar for å kunne løna dirigentar og dekkja reiseutgifter til konkurransar. Han har også brukt mykje tid på å få inn folk til fylla tomme stolar når det var behov for det. Arvid Rong var med og skipa bandet i 1989 og har vore formann heile vegen.

-Eg ønskjer å nominera Arvid då eg synest han fortener heider og ære for jobben han har gjort.  Han er ikkje berre formann og primus motor, men ein god ven til alle medlemene og han huser alltid dirigentar som kjem frå både Noreg og andre land . Han tek dei gjerne med på båttur og lagar god mat til dei. Arvid er eit unikum, heiter det frå forslagsgjevaren.

I grunngjevinga heter det også at Arvid Rong er ein av hovudgrunnane til at Rong Brass er på det nivået det er i dag. Han skaffar pengar til korpset, er «hotell», vertskap og «aktivitør» både for tilreisande dirigentar og komponistar eller musikarar.

- Han er limet som har gjort at miljøet og det musikalske nivået i korpset er så bra som det er, heiter det i grunngjevinga for at Arvid Rong får Månadens frivilligpris for september.

I 2022 skal heile Noreg feira Frivilligåret. Øygarden kommune nyttar høvet til å gje ein ekstra takk til frivilligheita og innsatsen frivillige gjer i kommunen. Kvar månad heile dette året vert det kåra Månadens frivillig i Øygarden.

- Arvid er ein blid, sosial og positiv mann, som er veldig kjekk å vera i lag med. Gratulerer så hjarteleg med frivilligprisen  for september 2022. Øygarden kommune ønskjer deg lukke til vidare med ditt store og hjartelege engasjement, sa Torill Selsvold Nyborg.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Julia Valeska Woehlert

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete