Friskliv og meistring: Gjenopning av tilbod

Friskliv og meistring vil frå veke 19 starte ein gradvis og forsiktig gjenopning av tilbod. Vi vil starte opp med treningsgrupper utandørs for våre deltakarar. Treningstilboda i denne unntaksperioda vil fråvike frå det reelle treningstilbodet til Friskliv og meistring.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Frå Kystpasset 2020

Viktig informasjon vedrørande drift

Opplegget er godkjend av smittevernlege i Øygarden kommune, Jens Even Eikås, og vi vil til ein kvar tid følgje myndigheitenes råd for smittevern. 

All trening vil skje utandørs inntil vidare, og i grupper på maksimalt 5 personar - inkludert instruktør. Det skal vera minst 2 meters avstand mellom deltakarar, og ein vil ikkje bruke felles treningsutstyr.    

Vi vil frå veke 19 starte opp fem ulike treningsgrupper, både kondisjonstrening og styrketrening. Tilbodet er for deltakarar som har fått godkjend plass på dei ulike tilboda i denne unntaksperioda.

Alle kurstilbod er utsett til hausten 2020 – inntil vidare.

Informasjon til alle deltakarar

  1. Gje beskjed til instruktøren dagen før om du kommer på trening eller ikkje.
  2. Du skal ikkje delta på våre tilbod om du har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, eller om nokon i husstanden har påvist smitte eller er i karantene. Om du har symptom på luftvegsinfeksjon og/eller feber, skal du ha ein symptomfri dag før deltaking på våre tilbod. Det er viktig at du som deltakar gir beskjed om endringar i din helsestatus før planlagt treningsavtale. 
  3. Hald 2 meters avstand i frå andre deltakarar og instruktør.
  4. Utfør god handhygiene før og etter deltaking på tilbod.

For nye deltakarar til kurs og treningstilbod

Kontakt oss gjerne på telefon 55 09 68 50 eller e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no for informasjon om våre tilbod.

Du kan òg be fastlege eller spesialist om å fylla ut ein frisklivsresept til deg. Ein vil da få tilbod om ein helsesamtale kor ein vil vurdere kva tilbod som er det rette for deg.

Følg med på vår nettside og på sosiale medium for oppdatert informasjon: