Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Frisk pust

Rask Psykisk Helsehjelp tilbyr eit behandlingstilbod/førebyggande tiltak i samarbeid med Aktiv 365 på Straume. Velkomen til  kursrekka «Frisk Pust».

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Innhald

  • 30 min. spinning/sykling
  • 45 min. styrketrening/45 min. enkel yoga
  • 45 min. føredrag om psykisk helse

Målgruppe

  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet / prestasjon og restitusjon / kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskudd, energi og livsgnist?
  • Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
  • Ønskjer du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?

Informasjonsmøte

Det vert halde eit informasjonsmøte om kurset måndag 26. oktober kl. 14.00 i Rask psykisk helse sine lokalar på Straume Helsesenter, adr. Blombakkane 2.

Dato | Tid | Stad

Oppstart torsdag 29. oktober kl. 08.45.
Aktiv 365 på Skjenet, Straume.

Tema

Kursoversikt - kurs 1
Dato Tema Føredragshaldar
Torsdag 29.10.2020 «Om å ta vare på seg selv» Veslemøy, Kommunepsykolog
Torsdag 05.11.2020 «Selvmedfølelse» Marit, Kommunepsykolog
Torsdag 12.11.2020 «Mindfulness» Linn, Kommunepsykolog
Torsdag 19.11.2020 «Hva skal vi med følelser» Veslemøy, Kommunepsykolog
Torsdag 26.11.2020 «Pusten» Sissel, Aktiv 365
Torsdag 03.12.2020 «Godt å vite om fysisk aktivitet og trening» Ingunn, Aktiv 365
Torsdag 10.12.2020 «Søvn» Kyrre, Kommunepsykolog
Torsdag 17.12.2020 «De viktige relasjonene» Sissel, Aktiv 365

Ta med

  • Treningsklede
  • Drikkeflaske og ein liten handduk
  • Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa

Pris

«Frisk pust» går over 8 gangar og kostar 598,- (299,- pr mnd i to mnd.) Summen betalast til Aktiv 365 ved første møte. Du får eit fullverdig medlemskap på senteret i to mnd. Det er ingen binding etter kurset. (Dersom du allereie har medlemskap betaler du ingenting ekstra). 

Påmelding

Fyll ut skjema og send det til: 
Øygarden kommune v/kommunepsykologane
Ternholmvegen 2
5337 RONG

Meld deg på kurset (PDF, 156 kB)

Om du har spørsmål, eller ikkje kan møte som avtalt, ta kontakt på 469 49 904 eller send e-post til rph@oygarden.kommune.no 

Vi ønskjer å evaluere tilbodet. I den forbindelse vil vi be deg om å fylle ut nokre skjema, desse vil bli administrert på informasjonsmøtet. Håpar du har lyst å hjelpe oss med dette.

Vel møtt!