Friluftslivets ferdselsårer

Kommunen inviterer til auka samarbeid med frivillige lag og organisasjonar som engasjerer seg for turløypene i nærmiljøet sitt. Bygdalag, nærmiljøforeiningar og Sotra Øygarden turlag vil få økonomisk støtte til registrering og utbetring av turstiane.

Klikk for stort bilete 

Det er behov for meir rydding, skilting og tilrettelegging i nokre strekk i Nordsjøløypa og stiane som ligg i Kystpasset.

Ta kontakt på e-post til friluft@oygarden.kommune.no eller Laila.Klemetsaune@oygarden.kommune.no om konkrete løyper de ønskjer å ta ansvar for innan 26.mai.