Foto og video konkurranse. Tema - Sykkel

Sykkelturistar på Fedje - Klikk for stort bilete Sjur Meling Knips vinnarbiletet eller videosnutt til sykkel-VM 2017
Konkurranse frå  15. juli – 15. september.
Del sommarens sykkelmotiv med oss og få bildet/videoen presentert under Sykkel-VM arrangementet i Øygarden laurdag 23.september og på sykkelivest.no

Har du kjekke sykkelopplevingar eller finn du artige motiv med sykkel som tema i sommar, send bilete/video til Øygarden kommune på:

E-post: sykkelivest@oygarden.kommune.no
Facebook: Øygarden kommune si facebook side (@oygarden.kommune)
Instagram: #sykkelivest

Ver kreativ og finn di eiga personlege vinkling på sykkeltema.

Deltek du i konkurransen, kan du vinna kjekke premiar. Vinnarbileta/videoane saman med «beste utsnitt» vert presentert på arrangement sone Rong senter under Sykkel-VM i september.
Last opp bileta/videoane dine med tema «Sykkelivest» mellom 15. juli og 15. september.
Dei tre beste bileta/videoane vert synt fram laurdag 23. september.

1.Premie: Offisielle sykkel-VM produkt
2. premie: Offisielle sykkel-VM produkt
3. premie: Offisielle sykkel-VM produkt

Kvar fredag vert det trekt ut ein vinnar av vekas bilete/video.

Reglar:
• Bileta/video må vera tatt i Sund, Fjell eller Øygarden
• Du kan berre delta med bilde/video du sjølv har tatt.
• Det er innsendar sitt ansvar å få løyve til offentleggjering av eventuelt personar på biletet/videoen.
• Bilde/video med namnet på fotografen vert lagra i Øygarden kommune sitt arkiv. Andre personlig opplysningar (adresse/ e-post mv. vert sletta etter konkurransen)
• Øygarden kommune har rett til å offentleggjera innsendte bilete/videoar samt bruka dei på kommunen si heimeside, i magasin osv) Biletet/video vert i så tilfelle kreditert med fotografen sitt namn.

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 14.07.2017
Fann du det du leita etter?