Første valdag i Øygarden

Første røystar, Per Helge Martinsen - Klikk for stort bilete I dag opna førehandsvalet som varer fram til og med fredag 08 september. Førehandsvalet skjer på Servicetorget på rådhuset på Rong.

Frå v, Per Helge Martinsen og Jarle Kåre Oen - Klikk for stort bileteFrå v, Per Helge Martinsen og Jarle Kåre Oen

Første røystar som gjorde borgarplikta si i dagmorges kl. 08.30, var kommunalsjef for stab i Øygarden kommune, Per Helge Martinsen. Han er busett i Fjell kommune, men under førehandsvalet kan ein røysta i alle kommunane i landet.

Kommunalsjef Per Helge Martinsen var svært nøgd med at han kunne få gjort borgarplikta si på førehand, og i den kommunen har arbeidet sitt.

Valkoordinator  Jarle Kåre Oen takkar Martinsen for god start på røystinga - Klikk for stort bileteValkoordinator Jarle Kåre Oen takkar Martinsen for god start på røystinga

Førehandsvalet på Servicetorget:

Hugs å ta med legitimasjon og det er gildt om du tek med deg valkoretet, som du har fått i posten. Men du får røysta uten, dersom du har gløymt det. 

Opningstider for førehandsrøysting frå og med torsdag 10. august til og med 08.september 2017

  • Måndag - onsdag og fredagar: kl. 08.00 - 15.30

  • Torsdagar kl. 08.00 - 18.00

  • Laurdagane 26. august og 02.september kl. 10.00 - 14.00


Ver merksam på at sjølve valdagen, den 11. september, kan du berre røysta i din eigen kommune. 

Meir informasjon finn du her.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 10.08.2017
Fann du det du leita etter?