Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Første salve for Northern Lights

Det smalt kraftig på Ljøsøya då det i dag vart markert start på arbeidet med Northern Lights-prosjektet i Energiparken.

Her går den første salva på Ljøsøyna av. - Klikk for stort bileteHer går den første salva på Ljøsøyna av. 

Ordførar Tom Georg Indrevik hadde ordførarkjeda på seg for å visa at dette var ein stor dag for kommunen.

- For Øygarden kommune har dette stor betydning. Vi står no i Energiparken, og vi ønskjer at dette vert vårt svar på det grøne skiftet og at vi set Noreg på kartet. Dette skapar industrivekst og grøne arbeidsplassar i regionen, sa ordføraren på markeringa nokre minutt før salva gjekk av klokka 15.

Representant for Northern Lights, Rune Nilsen, viste til at dette er eit resultat av Paris-avtalen om å redusera temperaturen på jorda. Opp mot 150 personar vil vera engasjerte i den første delen av prosjektet med tilrettelegging av området.

- Det er det første viktige steget for CO2-infrastruktur i Europa. Vi har møtt stor lokal velvilje og engasjement for dette prosjektet, sa Nilsen. I den første produksjonsfasen frå 2024 kan anlegget ta imot 1,5 millionar tonn CO2 årleg. Kapasiteten kan aukast opp til fem millionar tonn.

Kontraktsverdi på 380 millionar kroner

Prosjektleiar i Skanska, Torbjørn Tveit Bakketun, opplyste at rundt 50 personar er i sving. Førebuande arbeid starta opp i november. Kontrakten har ein verdi på om lag 380 millionar kroner.

- No handlar det om sprengingsarbeid. Det vert etablert tomt, kai og administrasjonsbygg på 1 500 kvadratmeter. Det vert også bygd verkstad, laboratoriebygg, nokre mindre bygg og infrastruktur, opplyste Tveit Bakketun. Etter at dette arbeidet er fullført, er det klart for bygging av fabrikken.

Northern Lihts-prosjektet skal frakta flytande CO2 til mottaksterminal ved Naturgassparken på Ljøsøyna i Hjeltefjordbassenget i Øygarden. Derifrå vert CO2 pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen. Stortinget vedtok å løyva pengar til prosjektet i desember.

Northern Lights vert det første i sitt slag, ein open og tilgjengeleg infrastruktur som gjer det mogleg å transportera CO2 frå industrielle fangstkjelder til ein mottaksterminal i Øygarden for mellombels lagring, før han vert transportert for permanent lagring i eit reservoar som ligg 2 600 meter under havbotnen.

Ordførar Tom Georg Indrevik og Torbjørn Tveit Bakketun i Skanska framfor anleggsområdet. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og Torbjørn Tveit Bakketun i Skanska framfor anleggsområdet. 

Ein del av Langskip-prosjektet

Northern Lights er transport- og lagringsdelen av Langskip, som er eit prosjekt for fullskala karbonfangst og lagring. Fase eín av prosjektet vert fullført i midten av 2024, og vil ha ein kapasitet på inntil 1,5 millionar tonn CO2 per år.

Norske sysselsettingsverknader av Northern Lights er rekna til vel 2 100 årsverk i utbyggingsfasen. Regionalt er det lagt til grunn ein sysselsettingseffekt i utbygginga på vel 250 årsverk.

I 2019 avgjorde Equinor, Shell og Total å investera i Northern Lights-prosjektet. Dei første investeringane vil utgjera nærare 6,9 miliardar kroner totalt.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Torbjørn Tveit Bakketun, Skansk - Klikk for stort bilete
Rune Nilsen, Northern Light - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik og kommunikasjonsleiar i Equinor Kollsnes og Sture, Kjersti Sandøy - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik og Kjersti Sandøy - Klikk for stort bilete
Det var godt med oppmøte frå media. - Klikk for stort bilete