Første dag for beredskapssjefen

Den nye beredskapssjefen, Geir Knarvik Fjeldstad, hadde sin første arbeidsdag 3. desember.
- Eg gler meg og er spent på nye utfordringar, seier han.

Geir Knarvik Fjeldstad utanfor rådhuset. - Klikk for stort bileteGeir Knarvik Fjeldstad

Han kjem frå stillinga som oppdragsleiar på operasjonssentralen i Vest politidistrikt. Fjeldstad har politiutdanning i botnen. I tillegg har han to masterutdanningar; samfunnstryggleik og kriseleiing og leiing. Etter tre år i Forsvaret, har han hatt ulike stillingar i politiet, dei tre siste åra som oppdragsleiar. 

-Eg er kjempespent på å bytta bransje. Eg har jobba med beredskap i mange år, men no skal det skje på ein ny måte. Det skal mellom anna handla om førebygging og at vi er førebudde når «eksamen» kjem. Vi må stå fjellstøtt når krisen er der, seier den nye beredskapssjefen.

Han inngår i leiarteamet til kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane.

- Kommunen har erfaring med fleire kriser og har ein god beredskapsorganisasjon. Her er mange kompetente medarbeidarar som tenkjer beredskap. Eg spent på kor godt beredskapen er forankra i alle ledd og håpar at eg kan bidra til å utvikla dette endå meir, seier Knarvik Fjeldstad.

Beredskap er komplekst, og Geir Knarvik Fjeldstad skal setja seg inn mykje i tida som ligg framfor.

- Dei første dagane vil eg også nytta tida til å verta kjend med organisasjonen og dei folka eg skal arbeida med, seier beredskapssjefen.