Formannskapsmøte og to kommunestyremøte neste veke

I neste veke rundar ein av med politiske møte for dette året. Det er store og viktige saker som står på dagsorden for kommunestyret og formannskapet.

Arkivfoto. Kommunestyret - Klikk for stort bileteArkivfoto. Kommunestyret


Tysdag 13. desember er det formannskapsmøte klokka 14.00. Mellom sakene er busetjing av flyktningar i 2023, drøfting av høyringsfråsegn om budsjettet for 2023 og omprioritering av overskotsmidlar til trafikksikring på Torsvik. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Kommunestyret skal ha heildagsmøte med ei rekkje saker onsdag 14. desember frå klokka 09.00. Denne dagen handlar det mellom anna om forslag om å busetja 200 flyktningar i 2023. Andre saker er tilstandsrapport frå barneverntenesta, gjennomgang og oversikt over struktur og kapasitet for barnehage og skule og omprioritering av overskotsmidlar til trafikksikring på Torsvik. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Torsdag 15. desember skal kommunestyret vedtak budsjett for 2023 og økonomiplan for 2023 – 2026. Møtet tek til klokka 09.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.