Formannskapet behandlar budsjettet for 2020

På møtet den 2. desember skal formannskapet for den nye kommunen behandla budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023.

Budsjett.jpg - Klikk for stort bilete

 

Det er forventa at formannskapet vil vedta å leggja budsjettet ut på høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember. I mellomtida skal administrasjonsutvalet og dei tre utvala; tenester og levekår, samfunnsutvikling og plan behandla budsjettframlegget.

Andre saker i formannskapet den 2. desember

  • Eigedomsskattetakstvedtekter for Øygarden kommune
  • Framlegg til forskrifter for vatn og avløp
  • Budsjett 2020 Gebyr og brukarbetaling

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 27.11.2019
Fann du det du leita etter?