Dei frie inntektene er samansett av rammetilskot og skatteinntekter. I framlegget til kommuneproposisjon for 2023 (kommuneopplegget) føreslår regjeringa at kommunane får to tredelar av veksten i dei frie inntektene, medan fylkeskommunane får resten.
I framlegget vert det vist til at i statsbudsjettet for 2022 vart dei frie inntektene til kommunane auka med 4,7 milliardar kroner. Etter dette har både forventa skatteinntekter og kostnader for kommunane auka.
- I sum inneber det regjeringa no legg fram eit auka handlingsrom for kommunane i 2022 på 4,1 milliardar kroner utover det som ble vedteke i budsjettet i fjor haust. 1,6 milliardar kroner av desse er varige frie inntekter, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Flyktningar
Regjeringa skriv i proposisjonen at etter å ha stått i førstelinja for å handtere koronapandemien i to år, skal dei som jobbar i kommunane no syta for å ta imot og busetja mange tusen flyktningar. Dette kjem på toppen av alle dei andre viktige oppgåvene kommunane har. Kommunesektoren har god økonomi. Kommunane har jamt over gode driftsresultat, store disposisjonsfond og det er få kommunar i ROBEK. Dette skuldast mellom anna ein ekstraordinær høg skatteinngang mot slutten av fjoråret.
Regjeringa har valt å fordela dei ekstraordinære skatteinntektene mellom staten og kommunane, slik at staten beheld 11,5 milliardar kroner og kommunane 2,5 milliardar kroner. Dette blir gjort på ein slik måte at ein tek omsyn balansen mellom skattesvake og skattesterke kommunar.
Les pressemeldinga frå regjeringa her.
Her kan du lesa heile proposisjonen.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet