Føreslår Rune Lid som prosjektrådmann

Rådmann i Sund, Rune Lid, er føreslått som prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Det er leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden, som i samråd med rådmennene har utarbeidd ei mellombels løysing for prosjektstyringa av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda tek stilling til forslaget på møtet den 16. april.

 Rune Lid - Klikk for stort bileteRune Lid

Etter at prosjektleiar Paul J. Manger slutta i stillinga som prosjektleiinga like før påske, har leiargruppa arbeidd med korleis prosjektorganisasjonen skal styrast heretter. Dei tre ordførarane har fått vide fullmakter til å arbeida fram ei løysing.

I modellen fellesnemnda skal ta endeleg stilling til, skal rådmennene i dei tre kommunane ha ei særskilt rolle i styringa av prosjektet fram til utgangen av 2018. Rune Lid er spurt og har sagt seg villig til å vera prosjektrådmann ut dette året inntil ny rådmann for den nye kommunen er tilsett. Rune Lid har fått tilbod om stillinga som assisterande rådmann frå og med 1. januar 2020.

Prosess for ny rådmann

Administrasjonen for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert sett i gang ein intern tilsetjingsprosess med delkjøp av ekstern konsulenthjelp for rådgjeving i arbeidet med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Fellesnemna er invitert til å godkjenna prosess og tidsplan for tilsetjinga. Det er føreslått at dei tre ordførarane får fullmakt til å gjennomføra prosessen med tilsetjing av rådmann. Det er vidare lagt opp til å etablera eit tilsetjingsutval samansett av sju personar. Arbeidsgjevarsida er samansett av dei tre ordførarane i tillegg til eitt medlem. Utvalet er vidare føreslått sett saman av tre tillitsvalde, eín frå kvar kommune, valde av og blant dei tilsette.

I saksutgreiinga går det fram at utlysingstekst må vera ferdig i løpet av juni månad slik at utlysinga kan annonserast like etter sommarferien (august).  Det vert teke sikte på å tilsetja ny rådmann innan 1. oktober slik at den nye rådmannet kan vera på plass frå 1. januar 2019.

Ny styringsstruktur

Eit utval, samansett av sju politikarar frå dei tre kommunane, går inn for ein politisk organisasjonsmodell i den nye kommunen med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Fellesnemnda skal på møtet den 16. april ta stilling til sluttrapporten frå utval for politisk styringsstruktur.

I intensjonsavtalen var det lagt opp til ein modell med fire hovudutval. I desember gav fellesnemnda utvalet fullmakt til å arbeida vidare med eit forslag der talet på hovudutval vert redusert frå fire til to. Det er føreslått at talet på medlemer i utvala skal vera 11. Mindretalet i utvalet på eín medlem ønskte ein modell med tre hovudutval.

Namna på dei to hovudutvala er hovudutval for miljø- og stadutvikling og hovudutval for tenester og levekår. Møtedag for kommunestyret er føreslått til torsdag, medan formannskapet held møta på tysdagar. Utvalet føreslår onsdag som møtedag for hovudutvala.

Forslag til eigarstruktur

Utval for eigarskapsstruktur føreslår at ØyVAR AS vert eit nytt selskap for å samla alle VAR-tenestene (VAR: vatn, avlaup og renovasjon). Dersom BIR AS skal utføra renovasjonsløysingar, vert det det etablert eit selskap med namnet ØyVAR AS (utan renovasjon.

Fellesnemnda skal ta stilling til om sluttrapporten for eigarskapsmodellar skal leggjast til grunn for organisering av eigarskap i Nye kommune. Dette gjeld også tilknyting til samarbeids- og interesseorganisasjonar og andre. Det er føreslått at rapporten vert sendt ut på høyring med høyringsfrist den 22. mai. Det vert teke sikte på at fellesnemnda behandlar rapporten i møtet den 18. juni.

I rapporten er det vidare føreslått å etablera Øygarden næringseigedom AS. Dette selskapet skal arbeida med aktiv utvikling av næringseigedomar for å fremja strategiske og økonomiske mål på vegner av kommunen.

Forvaltning og drift av eigne bygg og anlegg føreslår utvalet å samla i eit eige føretak med namnet Øygarden eigedomsforvaltning KF. Det er også føreslått å etablera eit næringsutviklingsselskap med namnet Øygarden næring- og utvikling AS. Brann- og redningstenesta er føreslått teke inn i eit nytt kommunalt føretak, alternativt i kommunal etat saman med andre tenester.

Lokaldemokrati og identitet

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati legg fram tiltakspakke og milepælsplan for fellesnemnda saman med budsjett som peikar tilbake på dei enkelte tiltaka.  Budsjettet har ei samla ramme på 1,5 millionar kroner for 2018 og 2019.

Aktuelle tiltak er felles frivilligforum, 0-baromterundersøking, friluftsforum, idrettsforum, kulturforum, ungdomshøyring, kulturparaplyen Øygarden 2020 (profil), felles tilskotsordningar  Øygardskonferansen og MOT-festival. Øygardskonferansen er tenkt gjennomført i samarbeid med Vest Næringsråd. Saka vert lagt fram utan innstilling.

Overtar av ansvaret for tannhelsetenesta?

Ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden er positive til å delta i Helse- og omsorgsdepartementet si prøveordning der kommunen overtek ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta i dei tre kommunane. Ei eventuell overtaking av dette ansvaret vil i tilfelle ha verknad frå januar 2020. Fjell kommune har allereie inngått ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om leige av areal i lokalmedisinsk senter på Straume. Det er innstilt på at Nye Øygarden er positiv til å delta i prøveordninga. Saka er føreslått vidaresendt til dei kommunestyra til orientering.

På bakgrunn av svar frå kommunane vil departementet seinare senda brev til kommunar som er interesserte i år delta.

Møtet i fellesnemnda vert halde på Skjenet 2 på Straume. Tidsramme for møtet er kl. 09.00 – 15.00. Møtet vert overført på kommune-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Omstillingsavtale nærmar seg endeleg godkjenning

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.04.2018
Fann du det du leita etter?