Føreslår prøveprosjekt med gratis kollektivtransport

Ordførar Tom Georg Indrevik er uroa over stadig lengre trafikkøar til og frå Øygarden.
- Eitt av tre tiltak er at vi i eit spleiselag innfører gratis kollektivtransport til og frå Øygarden i fem år frå 1. januar 2023.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Ordføraren viser til at det over lang tid har vore aukande kø over Sotrabrua. På det jamne har det passert over 30 tusen køyretøy over brua pr. døger. 

- Dette fører til stor belastning for samfunnet og den enkelte. Vi må innsjå at vi vil ha utfordringar med kø heilt fram til den nye brua er ferdig i 2027, seier han.

Kostnaden med gratis kollektivtrafikk vert føreslått finansiert som spleiselag mellom Vestland fylkeskommune, Staten og Øygarden kommune (gjennom Miljøløftet). Kostnaden er rekna til 60 millionar kroner i året. Det vert også lagt opp til å auka kapasiteten på innfartsparkeringa i den søre og nordre delen av kommunen.

- I lengre tid har ein arbeidd med ulike løysingar for å redusera køane utan at det har gjeve stor nok effekt. Det einaste som kan hjelpa på, er å redusera køane ved å redusera talet på bilar som passerer Sotrabrua, seier Tom Georg Inrevik.

Haldningskampanje og minibussystem

I tillegg til gratis kollektivtransport føreslår ordføraren at det vert gjennomført ein haldningskampanje «Takk for at du reise» kollektivt og eit lokalt minibussystem i samarbeid med næringslivet.

Haldningskampanjen «Takk for at du reiser kollektivt – Øygarden» byggjer på det kommunen i samarbeid med Vest Næringsråd gjennomførte i pandemien.

- Frå august av vil vi lansera denne kampanjen som skal rettast mot den enkelte med mål om at fleire skal sjå fordelane med å reisa kollektivt, seier ordføraren.

Det tredje tiltaket med lokalt minibussystem skal gjera det meir attraktivt å nytta kollektivtransport for dei som bur eller arbeider på Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit. Systemet er tenkt bygd opp i samarbeid med lokalt næringsliv og Skyss. 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland