Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Føreslår lokal tiltaksliste

Ordførar Tom Georg Indrevik føreslår at Øygarden kommune utarbeider ei lokal tiltaksliste retta mot næringslivet. Han meiner at målretta kommunale tiltak kan vera eitt av fleire bidrag for å hjelpa næringslivet og sikra arbeidsplassar i ei krevjande tid.

Klikk for stort bileteDagleg leiar i Vest Næringsråd Rikard Toft Ledang og ordførar Tom Georg Indrevik Vigleik Brekke  

Den 24. mars var det registrert 2 117 ledige (arbeidslause og permitterte) i Øygarden kommune. Dette utgjer 10,7 prosent av arbeidsstokken og er ein kraftig auke i talet på personar utan arbeid.

- Vi er no inne i ein svært krevjande situasjon, ikkje minst for det lokale næringslivet. Det er vedteke gode nasjonale ordningar, men vi kan også bidra lokalt. Difor føreslår eg at vi utarbeider ei lokal tiltaksliste over kommunale prosjekt der målet er å sikra arbeidsplassar lokalt, seier Indrevik.

I første omgang vert det lagt fram ei skisse i formannskapet den 1. april.

- Eg håpar at alle gruppene i kommunestyret vil bidra i denne prosessen. I kommunestyret den 16. mars vil vi presentera korleis vi tenkjer å leggja opp ulike tiltak og prosjekt som vi lokalt kan bidra med, seier Indrevik som også er i god dialog med NAV om dette. 

Helsar tiltaket velkomen

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang, helsar initiativet velkomen. Han er oppteken av kva vi kan gjera saman i den krevjande situasjonen.

- Eg trur ikkje næringslivet har forventingar til lokale økonomiske tilskot frå kommunen. No  handlar det om ein felles dugnad om kva vi kan gjera for kvarande. I neste fase handlar det om kva vi skal gjera for å koma i gang igjen når ting normaliserer seg. Då kan vi støtta opp om det lokale næringslivet ved å bruka det. Vi har også forventningar til tiltakspakkar som gjer det mogleg for det lokale næringslivet å få kommunale oppdrag, seier Ledang.

Tom Georg Indrevik seier at dette initiativet er tredelt.

- For det første må vi få kunnskap om kva som er behovet i næringslivet akkurat no. For det andre må vi ta ein dugnad og hjelpa kvarandre i den kritiske situasjonen. Det også eit mål å få kartlagt kva som kan gjennomførast av prosjekt når dei nasjonale tiltakspakkane kjem. Alt dette ønskjer vi vert samhandla med næringslivet, seier Indrevik.


Tekst: Vigleik Brekke

Kontakt oss om koronaviruset


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Servicetelefon
Telefon 56 16 00 10
måndag-fredag kl 08.00-20.00
laurdag og sundag kl 10.00-16.00
For praktiske spørsmål som
ikkje handlar om helse


Legevakt
Telefon 116 117


Heimetenesta
Sone nord: 56 16 16 63
Sone Straume: 55 09 71 90
Sone sør: 56 33 97 45


Helsestasjon og skulehelsetenesta
Telefon 56 12 20 30
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Jordmor
Telefon 56 12 20 20
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49 | SMS 959 99 399


Helsestasjon for ungdom
SMS "treng time" for konsultasjon
905 81 273 vi ringjer deg opp igjen


NAV
Telefon 55 55 33 33
For arbeidsgjevarar 55 55 33 36


Barnevernet
Telefon 55 09 71 40
måndag-fredag kl 08.00-15.30
og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg


Konsultasjonsteamet
for vald og overgrepssaker

Telefon 915 68 382 (barn og unge)
og 911 37 726 (vaksne)


Frivillig/hjelp?
Meld deg som frivillig | Treng du hjelp?