Føreslår å gje mynde til formannskap og ordførar

Kommunedirektøren føreslår at formannskapet fram til 31. august får fullmakt til å fatta vedtak i saker som skulle vore avgjort av kommunestyret. Det er også forslag om å gje ordførar fullmakt til å ta avgjerd i saker der det ikkje er tid til å kalla inn til (fjern)møte i formannskapet.

Klikk for stort bileteBilete frå tidlegare kommunestyremøte. Frå ventre; varaordførar Atle Dåvøy, ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Rune Lid. 

Denne saka står på sakskartet i kommunestyret den 26. mars og er fremja med bakgrunn i koronaviruset.

Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at det «skal noko til» for at hastefullmakt kan nyttast. Han meiner at den noverande ekstraordinære situasjonen fyller vilkåra om at det ikkje er tid til å kalla inn til kommunestyre. Det er heller ikkje lov å møtast i store grupper. Han meiner difor det er vanskeleg og lite formålstenleg å leggja beslag på administrative ressursar til å kalla inn og leggja til rette for fjern(møte) i kommunestyret. Det vert understreka at alle vedtak i formannskapet som i ein normalsituasjon skulle vore fatta av kommunestyret, skal leggjast fram til kommunestyret i deira neste møte. 

Når det gjeld fullmakt til ordføraren er det lagt opp til at ordføraren får mynde tilsvarande det det sjølv har, til å treffa vedtak i hastesaker. Vedtaket skal leggjast fram som referatsak i formannskapet og kommunestyret i dei neste møte.

Andre saker i kommunestyret den 26. mars

  • Innspel til nasjonal transportplan 2022-2033
  • Val av representantar til styret i Bustadstiftinga
  • Val av medlem til representantskapet for Bergen og omland Farvannsforvaltning (BOF IKS) 2020
  • 2023
  • Val av politisk utval for oppfølging av kommunedirektøren
  • Val av representant til Kystkultur no! for perioden 2020- 2023
  • Val av representantar til styret i stiftinga Fjell Festning
  • Val av representantar til styret i stiftinga Nordsjøfartsmuseet 2019-2023
  • Val av representantar til årsmøtet i IUA Bergen region for perioden 2019-2023
  • Val av representantar til styret i Kystmuseet i Øygarden 2019- 2023
  • Val av styremedlemmar til stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond
  • Val av politiske representantar til samarbeidsutvala ved grunnskulan

Møtet vert gjennomført som fjernmøte (videomøte) og tek til klokka 17.00. Det vert overført på nett-TV

Her kan du lesa innkalling (PDF, 11 MB) med saksdokument

Test og foto: Vigleik Brekke