Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Førebur seg på kvalitetsbevisste nordmenn

Eit trettitals deltakarar var benka framfor skjermen i går då Øygarden kommune og Visit Bergen inviterte til reiselivswebinar i går. Reiselivsdirektør Anders Nyland var tydeleg på at også 2021 er det først og fremst norske turistar som besøkjer destinasjonane i Vestland.

Glesvær er eitt av mange reisemål i Øygarden. - Klikk for stort bileteGlesvær er eitt av mange reisemål i Øygarden. 

Erfaringane frå 2020 viser at Vestland og Viken var ferievinnarane. Nordmennene tingar plass nær opp til reisetidspunktet og er kvalitetsbevisste.

- Dei norske turistane er også digitale og forventar svar raskt når dei tek kontakt. Naturoppleveringar er populært blant dei som er 55 år og eldre, medan yngre aldersgrupper er meir villige til å betala for oppleveringar. Nordmennene vil oppleva, ikkje berre sjå, sa Nyland.

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen orienterte om Perler i Nordsjøløypa og Opplev Øygarden som har eiga nettside og Facebookside. Det skal også gjennomførast kurs som sertifiserer Øygardskjennarar. Øygardskjennarane vert mellom anna kursa i kultur, historie, skikkar, tradisjon og arkeologi.

- Dette er kjempespennande. Ikkje minst dei norske turistane er interesserte i historieforteljingar, sa reiselivsdirektøren.

Anders Nyland sa at gjestene i 2021 vert stort sett dei same som i 2020, det vil seia først og fremst nordmenn. Difor må reiselivsaktørane leggja vekt på korrekt informasjon, kvalitet, service og synleggjera smittervern. Andre forventningar frå dei reisande er opplevingar, historier, tilbod til barnefamiliar og publikumsvennleg infrastruktur.

- Vi deler dei reisene inn i tre hovudkategoriar, danningsreiser, luksusreiser og yrkesreiser. Vi forventar at dei første utanlandske turistane kan koma til Noreg i september og at det av smittevernomsyn i større grad vert pakkereiser enn tidlegare. Vi må truleg venta til 2024 før flytrafikken har same nivå som i 2019, sa reiselivsdirektøren.

Berekraftansvarleg i Visit Bergen, Magnus Brekke Nygaard, orienterte om reiselivsnæringa og det grøne skiftet.

- For oss er berekraft det same som konkurransekraft. Ei god bygd å bu i er ei god bygd å besøkja, sa Nygaard.

Seminaret vart opna av ordførar Tom Georg Indrevik som understreka kor viktig samarbeid med Visit Bergen er.

Øygarden kommune er ein av 11 kommunar som er medlem i Visit Bergen (tidlegare Bergen Reiselivslag).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland