Førebuing til Sykkel-VM på Tednebakkane

Martine instruerer - Klikk for stort bilete Salhuskvintetten syng om sommar og sol og stemninga er munter når filmen på lerretet syner ein solskinsdag i Øygarden.

Fem muntre damer er på plass i trimrommet på dagavdelinga. Om ikkje alle har høve til å delta på sykkelturen, er det likevel ein sosial møteplass. Margot Jacobsen frå Rong er nett fylt 90 år og gler seg over selskapet saman med Ruth Flåten (84),  frå Oen. Ruth er hindra i å sykla grunna ein vond fot.

Frå v. Margot Alvheim, Johanna Torsvik, Ruth Flåten og Martine Midtgarden - Klikk for stort bileteFrå v. Margot Alvheim, Johanna Torsvik, Ruth Flåten og Martine Midtgarden

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Men Johanna Torsvik ( (93), frå Torsvik, som aldri har sykla før, synes det er strålande å få vera med på trimmen. Det same synes Margot Alvheim (81) som har budd i Bergen heile sitt vaksne liv, men som no er flytta heim til Blomvåg.

Frå v Ruth Flåten, Margot Jakobsen - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ergoterapeut Martine Midtgarden instruerer og motiverer. Når filmen frå Frekhaug og Herdla er over, kjem ei sjøreise frå Hernar til Nautnes på, og diskusjonen går om kven som bur i husa og minner frå liknande turar vert løfta fram. For sjølv om storm og regn skulle herja ute, kan brukarane sykle i sola heile året!Kor mange km har Margot sykla - Klikk for stort bileteKor mange km har Margot sykla

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 I løpet av våren er eit trist lager omgjort til treningsstudio med trimsyklar og storskjerm for visning av film. For filmar som er tatt opp på trimmaren sin heimstad, gjev ei oppleving av å sykla på kjente og kjære plassar!

Sykkel-VM på Tednebakkane.
Forløpig har 3 brukarar har meldt seg på "Sykkel-VM for eldre" som vert arrangert mellom august og oktober. Då er det om å gjera å sykla mest mogleg og resultata vert notert!  Nokre har allereie lagt seg i hardtrening, fortel Martine. Men først vil mange brukarar vera med og sjå når Sykkel-VM går av stabelen i  Øygarden den 23. og 24. september. Då kan dei henta inspirasjon til å stå på i konkurransen med eldre både i Norge og mange Europiske land.Ei svært nøgd Margot Alvheim - Klikk for stort bileteEi svært nøgd Margot Alvheim
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Medan praten går, har Margot Alvheim allereie sykla 5 km og får skryt av alle.  Sjølv kjenner ho at det var nett nok for i dag. Så får Johanna Torsvik overta den beste sykkelen og gler seg over å få litt fart på trøene.God stemning på sykkelturjpg - Klikk for stort bileteGod stemning på sykkelturjpg

 


 

 

 


Dagavdelingen på Tenebakkane omsorgssenter har to veleigna syklar, men planen er å få fleire.  Sykkelprosjektet er i oppstartsfasen  og vart etablert i mars – april 2017, godt inspirert av Sykkel-VM 2017. Det er firmaet Motitec som har utvikla og levert konseptet. Det er eit motivasjonsverktøy som stimulerer eldre og personer med demens til auka fysisk aktivitet. Ved hjelp av levande bilde og lyd kan brukar dra på sykkeltur i kjente omgjevnader og henta fram gamle minner. 

Ergoterapeut Martine Midtgarden - Klikk for stort bileteErgoterapeut Martine Midtgarden

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Ergoterapeut Martine Midtgarden er prosjektansvarleg og passar på at alt fungerer som det skal. Ho har hatt opplæring og vore på samling med andre kollega frå sjukeheimar som har tatt i bruk det same trimverktøyet. Her har ho henta inspirasjon og fått idear til korleis ein kan motivera både brukarar og personalet. Personalet si innstilling til bruken av trimverktøyet er nøkkellen til suksess, seier ho.

Instruksjon - Klikk for stort bileteInstruksjon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ternholmsenteret brukar syklane på kveldstid. Og no håpar ergoterapeuten at fleire avdelingar på Tednebakkane omsorgssenter legg til rette for at brukarar som har nytte av denne spesielle forma for trim,  får tilbodet.

Johanna "syklar på Herdla" - Klikk for stort bileteJohanna "syklar på Herdla"

 

 

 

 

 

 



 

Publisert av Ingunn Teigen - tekst og foto. Sist endra 08.09.2017
Fann du det du leita etter?