Fordrivne frå Ukraina får forlengja opphaldsløyve

Regjeringa vidarefører ordninga med mellombels kollektivt vern for fordrivne frå Ukraina. I tillegg får personar som allereie har løyve etter denne ordninga forlengja opphaldsløyve i eitt år.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto Colourbox

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier i ei pressemelding at situasjonen i Ukraina framleis er svært krevjande.

- Regjeringa vil gje personar med mellombels kollektivt vern føreseielegheit knytt til vidare trygt opphald i Noreg, seier ho.

Regjeringa innførte i mars i fjor ei ordning med mellombels kollektivt vern for fordrivne frå Ukraina. Ordninga inneber at dei som vert omfatta får opphaldsløyve etter ein forenkla prosedyre og utan individuell vurdering av behovet for vern.

- Løyva vert ved utløp automatisk forlengja, og ein treng ikkje å søkja om forlenging, heiter det i pressemeldinga frå regjeringa.

Les heile pressemeldinga her.


Переселенці з України отримують продовжений вид на проживання в Норвегії

Уряд продовжує дію схеми тимчасового колективного захисту для переселенців з України, і людям, які вже мають дозвіл за схемою, його автоматично продовжать на рік.

Сьогоднішні зміни в правилах дають право на продовжений дозвіл на один рік для тих, хто ще відповідає умовам тимчасового колективного захисту. Після закінчення терміну дії дозволів буде автоматично продовжено, і особам, на яких поширюється дія, не потрібно подавати заяву на таке продовження.
Управління імміграції Норвегії (UDI) і поліція відновлять прострочені карти проживання, щоб все ще можна було задокументувати законне проживання.