Fordelte 90 tusen til ungdomstiltak

Ungdommens kommunestyre (UKS) har tildelt totalt 90 tusen kroner i støtte til tiltak retta mot ungdom.

Frå møtet i UKS 24. mai.  - Klikk for stort bileteFrå møtet i UKS 24. mai. 

Det kom inn 10 søknader. Det vart gjeve støtte til seks av søkjarane. Dei største tildelingane går til Eidesjøen Grendalag, Mental Helse Ungdom, ADHD Norge Øygarden lokallag og Operation Archery E-sports Øygarden. Også Musikklag Fjellklang, og Sotra Taekwon-do klubb får støtte. IMF Straume (ungdomsklubb), Magnus Kårbø Rong, HordaLAN dataforening og SONBOLA foreining fekk avslag på søknadene sine.

Delt i synet på lokalisering av ny skule på vestsida

Ungdomspolitikarane er dei første som har diskutert det siste framlegget frå kommunedirektøren om ny skule på vestsida. Kommunedirektøren går inn for at det vert bygd eín ny skule for vestsida og at skulen vert lokalisert på tomt 5 som er 250 meter frå senterpunktet i lokalsenteret Ulveset/Møvika. Det er tilrådd at skulen skal ha ein kapasitet på 450 elevar.

UKS er delt i synet på kvar skulen bør lokaliserast. Eit fleirtal på fem medlemer tilrår å leggja skulen på tomt 5 slik kommunedirektøren har innstilt. Mindretalet på fire medlemer går inn for at skulen bør leggjast til tomt 4 like om lag 500 meter nord for senterpunktet i lokalsenteret Ulveset/Møvika.

Før behandling av sakene var det orientering om ungt entreprenørskap, evaluering av samfunnsdelen til kommuneplanen og ny skule på vestsida.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke