Folketalet auka med 81 innbyggarar første kvartal

I løpet av første kvartal 2022 auka folketalet i Øygarden kommune med 81 personar. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Talet på innbyggarar i Øygarden har med dette auka til 39 113 personar.

 

Nettoinnvandring (27 personar) bidrog meir til folkeveksten dette kvartalet enn netto innanlandsk innflytting (20 personar). Trass i det lågaste fødselsoverskotet i eitt kvartal sidan kommunesamanslåinga, var det likevel fødselsoverskotet (34 personar) som utgjorde det største bidraget til auken i folketalet.

Auken i folketalet første kvartal svarer til 0,21 prosent vekst, like mykje som i Bjørnafjorden kommune. Alver kommune hadde noko høgare vekst (0,25 prosent), medan Askøy og Bergen hadde lågare vekst enn i Øygarden (høvesvis 0 og 0,17 prosent). I heile Vestland fylke var veksten på 0,11 prosent. Dermed har Øygarden framleis har høg vekst samanlikna med nabokommunar og fylket elles.

På nasjonalt nivå kan det sjå ut som om fruktbarheita er på veg ned att, etter ein oppgang i 2021. Nasjonalt var det nettoinnvandring som utgjorde det største bidraget til folketalsauke første kvartal 2022. På grunn av krigen i Ukraina er det venta at fleire ukrainarar vert busette i løpet av 2022, og at vi difor vil sjå høgare nettoinnflytting frå utlandet i tida framover.


Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Colourbox