Folketal pr. 30.06.19

Folketal - Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Tala for folketalsutviklinga for 2. kvartal 2019 ligg no føre.

Pr. 30. juni 2019 var folketalet i Øygarden 4.880.

Folketalet har minka med 17 personar sidan 31.03.19.

Folketalsutvikling Øygarden og region vest pr 30.06.19 (PDF, 45 kB)

Oversikt over folketalet dei siste åra

  • Øygarden: folketalet er minka med 17 personar i andre kvartal 2019
  • Øygarden: 11 fødde og 9 døde i andre kvartal 2019
  • Øygarden: fødselsoverskotet på  2 i andre kvartal 2019
  • Øygarden: netto utflytting -19 personar i andre kvartal 2019
  • Øygarden: prosentvis nedgang  0,35 % i folketalet frå første til andre kvartal
  • KONKLUSJON ØYGARDEN: Markant nedgang i folketalet i 2. kvartal 2019 der årsaka er fråflytting og lågt fødselsoverskot
  • Askøy kommunen med høgast vekst på 0,51 % 
  • Region Vest  (inkl. Askøy) har vakse med 196 personar (0,29 % vekst)
  • Ser me på Fjell, Sund og Øygarden (Nye Øygarden kommune) er innbyggjartalet  38.198 som er ein auke på 43 (0,11 %).
  • I volum og prosent har Askøy vakse mest (153), Sund (26) og Fjell (34) har vakse. Alle kommunane har fødselsoverskot
  • Askøy er den kommunen med høgast netto tilflytting i andre kvarttal (87) medan Øygarden altså har netto fråflytting (-19)
  • KONKLUSJON REGION VEST:  i Nye Øygarden kommune er det i andre kvartal som i første , samla ein ørliten vekst – tilnærma nullvekst.


Utarbeida av Jarle Kåre Oen

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 30.08.2019
Fann du det du leita etter?