Frå møtet i administrasjonsutvalet 25. november.Kommunen har analysert kva sektorar som ligg høgast i sjukefråvær seks månader tilbake i tid. Dette er i hovudsak enkelte barnehagar og heimetenesta. På bakgrunn av dette er det gjennomført ei kvalitativ undersøking i dei aktuelle barnehagane saman med partssamarbeid-gruppene. Det er også sett nærare på årsaker til fråvær, tiltak og forskjell på avdelingane i heimetenesta.
Prosjektleiar nærværsprosjektet «Jobben gjer frisk», Benedicte Sletten Larsen, einingsleiar heimetenesta, Marianne Våge Berland og einingsleiar på Straume bu og servicesenter, Helen Ågotnes, orienterte om grunnar til sjukefråvær og korleis dette vert følgd opp med tiltak.
Grunnar til høgt sjukefråvær er mellom anna utfordringar med for få folk og utfordringar med å finna vikarar. Nokre tilsette har gjentakande fråvær over lang tid.
Årsak til langtidsfråvær i heimetenesta er slitasjeskader over tid, gravide arbeidstakarar, tilsette i helsekø (ventar på ulike operasjonar eller anna behandling i spesialisthelsetenesta), personlege forhold som påverkar jobb, alvorleg sjukdom m.m.
Tiltaka vart sette i gang i oktober i barnehagar. Ein vil koma tilbake med status på både barnehagar og heimetenesta siste administrasjonsutvalsmøtet før sommaren 2025.
I heimetenesta skal ein mellom anna arbeida systematisk med sjukefråvær i alle avdelingane i tråd med kommunens retningslinjer for sjukefråvær og ha fokus på tett dialog mellom leiar og den sjukemeldte.
Administrasjonsutvalet tok saka om tiltak i einingar med høgt sjukefråvær til orientering.
Utvalet tok også sak om sjukefråværsstatistikk for tredje kvartal til orientering. Den saka viser at sjukefråværet samla for Øygarden kommune i tredje kvartal er 8,43 prosent. Kortidsfråværet ligg på 3 prosent, medan langtidsfråværet ligg på 5.48 prosent. Det høgaste fråværet finn ein i Helse og velferd (9,9 prosent) og Oppvekst (7,4 prosent). Deretter i kjem Samfunnsutvikling (9,0 prosent), Organisasjon og beredskap (6,6 prosent) og Finans og økonomi (6,0 prosent ). Innan Helse og velferd er det Fjell sjukeheim og heimetenesta som ligg høgt, medan Legetenesta, Helse-, meistring og rehabilitering og forvaltning og støttetenester er lågast.
NAV trekkjer fram «lettare psykiske lidingar» og «muskel og skjelettlidingar» som dei største årsakene til fråværet. Diagnosegrunn «lettare psykiske lidinger» og «trøtthet og slapphet» har hatt den største auken. Sistnemnde vert sett i samanheng med «Long-covid».
Vedtok kvalitetshandbok for internkontroll
Administrasjonsutvalet vedtok kvalitetshandbok for internkontroll i Øygarden kommune slik ho låg føre i saka.
Internkontroll er eit viktig verktøy for å sikra at Øygarden kommune driv verksemda si målretta, effektivt og i tråd med gjeldande lover og forskrifter. Eit godt rammeverk for internkontroll hjelper kommunen å identifisera, vurdera og handtera risikoar, og legg grunnlaget for kontinuerleg forbetring. Dei viktigaste elementa i internkontrollsystemet er kommuneplan/planverk, økonomiplan, verksemdsplan og rapportering. Gjennom desse elementa sikrar ein høg kvalitet på tenestene til innbyggjarane.
Øygarden kommune får ved å vedta handboka eit strukturert system for styring og internkontroll, der klare ansvarsforhold og hierarki sikrar at mål, risikohandtering og kvalitetsarbeid vert gjennomført effektivt på alle nivå. Kontinuerleg forbetring er ein essensiell del av systemet, og alle nivå i organisasjonen er involverte i å oppretthalda og utvikla kvaliteten på tenestene til kommunen.
Resultat av lokale lønsforhandlingar 2024
I år har det vore lokale forhandlingar for alle tilsette i kommunen, inkludert alle tilsette i kap 4. I kap 4 der ein til dømes finn fagarbeidarar, lærarar, sjukepleiarar og konsulentar, vart det sett av midlar til ein lokal pott på nær 12,4 millionar kroner. For tilsette i kap 3 (leiarar) og kap 5 (akademikargruppene) har arbeidsgjevar halde seg innan for ei økonomisk ramme på 4,69 prosent for begge kapitla.
Arbeidsgjevar kom til semje med alle arbeidstakarorganisasjonane. Totalt utgjorde resultatet for det lokale lønsoppgjeret i kap 3 og kap 5 vel 13,4 millionar.
Administrasjonsutvalet tok resultatet frå dei lokale lønsforhandlingane i 2024 til orientering.
I saksutgreiinga går det fram at partane er samde om følgjande endringar i lønspolitikken:
- Å auka kontaktlærartillegget til 30 tusen kroner.
- Å gje helsefagarbeidarar som jobbar natt eit ubekvemstillegg på 10 tusen kroner.
- Å gje også timeløna sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus 35 tusen kroner over sentral.
- Garantiløn som eit rekrutteringstillegg
- Å gje også timeløna vernepleiarar og vernepleiarar med spesialutdanning i turnus 25. tusen kroner over sentral garantiløn som eit rekrutteringstillegg (unntak er tilsette i døgnturnus der det vert søkt om fritak etter arbeidsmiljølova 10-12.4)
- Presisering studentavløning for legestudentar: etter 4. året og etter 5. året er løna den same som sjukepleiarløn etter tariff pluss 35 tusen kroner.
Pleiepengar for sjukt barn - forskuttering av løn
Administrasjonsutvalet vedtok at Øygarden kommune forskotterer løn ved pleiepengar for sjukt barn i inntil fire månader. Etter denne perioden vil utbetalinga bli behandla direkte av NAV. Det vert utarbeidd rutinar for gjennomføringa, og informasjon om den nye praksisen vert sendt til alle leiarar i kommunen.
Avviksstatistikk 3. kvartal 2024
Avvikssystemet i Øygarden kommune inneheld fleire hovudkategoriar; helse, miljø og sikkerheit (HMS), intern organisasjon, informasjonssikkerheit/GDPR (personvern), teneste-tenestemottakar og læringsmiljø/barnehagemiljø (gjeld for barnehage/skule).
I saka skriv kommunedirektøren at det er positivt å sjå at organisasjonen i større grad no, enn samanlikna med dei fyrste åra i kommunen, nyttar avvikssystemet. At dei tilsette vert motiverte til å seia ifrå om uønskte hendingar, er viktig for å gje leiarane god styringsinformasjon og høve til å driva utviklings- og forbetringsarbeid. På den måten kan organisasjonen korrigera og forbetra tenestene og og førebyggja uønskte hendingar på arbeidsplassen.
- Det er positivt å sjå at tal avvik meldt på alvorsgrad høg har gått ned. Vi har tidlegare år hatt veldig mange avvik som har blitt meldt med alvorsgrad høg, men som ved nærare gjennomgang har vist seg at ikkje har vore kvalifisert som høg, skriv kommunedirektøren.
Administrasjonsutvalet vedtok at kommunalsjefområde som ikkje har revidert avvikskategori teneste-tenestemottakar siste året, om å gjennomføra revidering før årsslutt 2025.
Orientering
Einingsleiar HR, forvaltning og kvalitet, June Johannesen, orienterte om kompetanse- og bemanningssenteret (KOBS). KOBS formidlar personell til alle einingar i oppvekst- og helsesektoren i kommunen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke