Fødselsførebuande kurs

Informasjon om Fødselsførebuande kurs I regi av Amathea Hordaland.

Kursa er for gravide som vert aleine med omsuten for bornet eller som har eit uavklart forhold til barnefar. Kursa er gratis og går over 3-4 ganger. Dette inkluderer også omvisning på Kvinneklinikken. Vidare tilbys det mor/barn-grupper i barseltida.

 

amathea-logo-large.png - Klikk for stort bilete Stadig fleire kvinner vert tilvist til oss frå helsestasjoner, jordmor og fastlege. For å kunne planlegge kursa best mogleg er det fint om vi vert kontakta så tidleg som mogleg. Vi har og anledning til å tilby fødselsførebuandekurs med tolk eller ein-til-ein. Vi set opp ekstra kursdager ved behov.

 

Planlagte kurs neste semester vil ha oppstart 14 januar og 23 april 2019.

Litt om Amathea

Amathea er ein landsdekkande helseteneste som arbeider i henhald til lov om svangerskapsavbrudd §2: fører et svangerskap til alvorlige vansker for en kvinne, skal hun tilbys informasjon og veiledning om den bistand samfunnet kan tilby henne. Kvinnen har krav på råd for selv å treffe sitt endelige valg.

Amathea tilbyr vidare

  • Samtaler til kvinner/par/menn ved uplanlagt graviditet
  • Samtaler etter abort
  • Informasjon om rettar og økonomi
  • Gratis graviditetstest
  • Gratis langtidsvirkende prevensjon til kvinner i sårbare situasjoner (prosjekt)

Grupper

  • Fødselsførebuande kurs for gravide som vert aleine
  • Mor/barn-grupper

Anna

  • Undervisning til ungdom og studenter
  • Undervisning/informasjon til helsepersonell
  • Dialoggrupper om seksuell helse til grupper med minoritetsbakgrunn

Alle tenester er gratis. Vidare informasjon kan ein finne på vår nettside www.amathea.no

Kontakt oss også gjerne på telefon eller på e-post (sjå under)

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.01.2019
Fann du det du leita etter?