FNs internasjonale eldredag 1. oktober 2022

Den internasjonale eldredagen har kvart år eit motto. Det ligg ei oppmoding frå FN om at vi i markeringa av dagen skal ha særleg merksemd på innhaldet i mottoet. Her kan du lesa uttale frå Øygarden eldreråd om denne dagen.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto

Den internasjonale eldredagen har kvart år eit motto. Det ligg ei oppmoding frå FN om at vi i markeringa av dagen skal ha særleg merksemd på innhaldet i mottoet.

I år er mottoet: Eldre menneske si motstandskraft i ei verd i endring

Vi tenkjer gjerne at dei store og dramatiske endringane skjer ikkje hos oss. Krig og klimakatastrofar rammar millionar der ute og langt borte, medan vi bur privilegerte i eit roleg hjørne av verda. Det er ikkje sjølvsagt at det skal vera slik. Vi er enno ikkje komne gjennom korona- pandemien. Den råka oss alle. Men sjukdommen og påfølgjande isolasjon ramma dei eldste tyngst.

Vi treng ei skikkeleg evaluering av det som vart gjort rett, det som vart gjort feil og ikkje minst det som ikkje vart gjort. Til dømes var aldersinstitusjonane våre lite førebudde på krisa og fekk ikkje gode nok råd frå styresmaktene.

Vi vert kvar dag minna om at vi er ein del av det store globale fellesskapet som vi ikkje kan melda oss ut av. Vi kan kjenna oss små og makteslause i møtet med klimakriser og katastrofar. Jamvel om det som så langt har nådd oss, berre er små bølgjer etter storflaum i Pakistan, hungersnaud i Sudan eller krig i Ukraina.

Vi må førebu oss på endringar. Beredskapsplanar må bli oppdaterte, og god og sakleg informasjon må ut til alt folket. Også til dei som ikkje har PC og smarttelefon.

Eldrerådet er oppteke av at vi skal gjera kva vi kan for at eldre ikkje skal falla ut i einsemd og isolasjon. For det offentlege, frå stat til kommune, er ansvaret heimla i lov. Men det er også å håpa at vi alle kjenner på  eit moralsk ansvar for å hjelpa dei som treng hjelpa vår.

Den beste måten å styrka eigen motstandskraft i ei verd i endring, er kanskje nettopp å styrka fellesskapet.


Øygarden eldreråd    
Foto: Mostphotos