Flott sykkeldag på Rong senter

Kevin Ekse og ordførar BørgeHaugetn og Kjersti Nordøy - Klikk for stort bilete

Lørdag var det familie – og sykkeldag på Rong senter med eit yrande liv og mange aktivitetar.
Gjevaste hendinga var nok for Kevin Ekse (13) som vann ein flott sykkel!

Konkurranseløypa.jpg - Klikk for stort bileteKonkurranseløypa.jpg

Ordførar Børge Haugetun var den som trekte ut Kevin mellom dei som hadde

vore innom sykkelverkstaden til Statoil. Over 60 barn besøkte sykkelservice denne dagen. Det kom tilbakemeldingar frå både barn og foreldre om at dei var svært nøgde og glade for å få sykkelen i stand til sesongen. Statoil  støtta opp på mange områder, mellom anna med hovudgevinsten som Kevin vann.
Heile Norges elite hadde seminar på Kollsnes, og gjennomførte sykkelritt med start på Tjeldstø og mål ved Rong senter. Her var ritt både for Sykkelservice. - Klikk for stort bileteSykkelservice.

seniorar og juniorar i ulike klassar. Alle andre sykkelinteresserte kunne låna seg ein sykkel om dei ikkje hadde med seg sin eigen og prøva seg på sykkelløype & sykkelbane/ pumptrack, eller delta på sykkelkonkurranse:Lydia Andersen vann sekk - Klikk for stort bileteLydia Andersen vann sekk

Her var det om å gjera å vera raskast til å sykla 1000 m på kortast mogleg tid. Vinnarane i ulike klassane opp til 18 år fekk kjekke nett fylt med overraskingar frå Statoil.
Vinnarane av rullekonkurransen var: Lydia Andersen, Rebekka Knarvik, Fredrik Hjelme, Thomas Hellesøy og Thomas Halstensen.Lær å plante med Cesilie på Blomsterbua - Klikk for stort bileteLær å plante med Cesilie på Blomsterbua

For dei som ikkje ville sykla var det mange artige aktivitetar å vera med på. Det er vår og Cecilie på Blomsterbua lærte ivrige små hender å planta frø, og med seg heim fekk deltakarane solsikkefrø til eigen hage! Det var lang kø då Cosmo frisørsalong gav mange ivrige born tilbod om å få farga håret. Kombinert med ansiktsmaling var det mange fargerike deltakarar som vrimla kring mellom alle aktivitetane. 

Grillgutane - Frå v Anders Kårbø Rong, Bjarte Sæle og Anders Refvik.jpg - Klikk for stort bileteGrillgutane - Frå v Anders Kårbø Rong, Bjarte Sæle og Anders Refvik.jpg Mange fleire aktørar var med på gjera sykkeldagen til ein kjekk dag for borna.

Rong Brass var innom og holdt minikonsert. Øygarden speidargruppe lærte ungane å spikka og knyta knutar. Flotte speidarknivar vanka i premie i gjettekonkurransen. Skjergard stilte med hoppeslott, FAU Rong skule med lykkehjul og Dale Oen Experience med sin populære klatrevegg. Grillgutane ved Lux Cafe’ såg til at alle fekk noko godt å bita i.

Arrangementet kom i stand i høve den pågåande Norgescupen i sykling. Hovudansvarlege var Vest CK ved Jan Arne Nautnes.

Fr v Jan  Arne Nautnes,Vest CK, Kjersti Nordøy, Statoil - Klikk for stort bileteFr v Jan Arne Nautnes,Vest CK, Kjersti Nordøy, Statoil Frå Statoil stilte m.a. Kjersti Nordøy og Vigdis Eide dei næringsdrivande på Rong senter, Øygarden kommune v/ Frivilligsentralen  med dagleg leiar Liv Edel Mikkelsen samt Øygarden kommune ved Frisklivsentralen med folkehelsekoordinator Bente Guntveit. Alle var svært nøgde både med oppmøte, deltakarar og gjennomføring av arrangementet.

Glimt frå dagen - Klikk for stort bileteGlimt frå dagen

 


 

 

Publisert av Ingunn Teigen - tekst. Bilder ved Liv Edel Mikkelsen og Bente Guntveit. Sist endra 27.04.2017
Fann du det du leita etter?