Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Fleire overlever kreftsjukdom enn før

Ein konsekvens av at den eldre delen av befolkninga aukar, vert det også fleire som får kreftdiagnose. I 2019 vart det påvist 234 nye krefttilfelle i Øygarden.
- Det gledelege er at fleire enn før overlever kreft. Tre av fire som får diagnosen, vert kreftfrie, seier kreftkoordinator i Øygarden, Inger Fosse.

Inger Fosse - Klikk for stort bileteInger Fosse 

Kreftkoordinator er tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar, og for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gje råd, rettleiing og samtalar, og vera med å sikra ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen. Les meir her. 

- Det er viktig for meg å vera ein god ressurs for familiar som er råka av kreft. Eg ønskjer å bidra til å få kvardagen til gå. Det handlar ofte om å få finna praktiske løysingar for kvardagen og tryggja dei som har fått kreft og dei pårørande. Eg skal vera personleg, men ikkje privat. Kreftomsorga er noko eg alltid har brent for, seier Inger Fosse.

Inger Fosse starta som kreftkoordinator i Fjell og Sund kommunar i 2014. Ho har mellom anna arbeidd på Radiumshospitalet og på intermediær avdeling på Fjell sjukeheim.

Nominert til  «Årets kreftsjukepleiar»

Inger Fosse har kontor i koordineringssenteret i Skogsskiftet. Kreftkoordinatoren deltek i ulike nettverk knytt til jobben. Tidlegare i oktober hadde ho innlegg og deltok i paneldebatt på Litteraturhuset i Bergen på Verdsdagen for palliasjon.

I samband med landskonferansen i kreftsjukepleie i Kristiansand i september var ho ein av 11 personar som vart nominert som «Årets kreftsjukepleiar». Inger Fosse snakkar ikkje så høgt om dette, men i nomineringa står det at Inger Fosse er oppteken av det faglege og stolt av utdanninga. Ho er tydeleg, klar og har stor omsorg for alle rundt seg. Ho samarbeider godt med dei i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Ho har også vore med i prosjektgruppa for implementering og bruk av plan for lindring i sluttfasen av livet.

- Heldige er dei som får hjelp, støtte og oppfølging frå Inger i Øygarden, heiter det i nominasjonsteksten skriven av to kreftkoordinatorar i Samnanger og Bjørnafjorden.

Inger Fosse hadde innlegg då Verdsdagen for palliasjon vart markert på Litteraturhuset i Bergen i oktober. - Klikk for stort bileteInger Fosse hadde innlegg då Verdsdagen for palliasjon vart markert på Litteraturhuset i Bergen i oktober, (skjermdump). 

 

 

 

 

 

 

Temakaféen er gjenopna

Også for kreftkoordinatoren vart arbeidskvardagen endra då Noreg stengde ned i mars 2020 på grunn av koronaepidemien. Besøksrestriksjonar førte til at det vart mindre heimebesøk og meir telefonkontakt. Pasientane opplevde også at dei måtte vera meir åleine på sjukehuset enn vanleg.

I oktober vart temakaféen for kreftramma og pårørande opna. Om lag ein gong i månaden vert det invitert til ein kopp kaffi og ein matbit og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring. Samlingane vert haldne på Seniorsenteret i tredje etasje på Sartor Storsenter. Vanlegvis er det foredrag med ulike tema og kulturelt innslag. Første samling etter koronatida var 6. oktober, og neste samling er onsdag 3. november klokka 19.00.

Lindrande senger

På intermediær avdeling på Øygarden lokalmedisinske senter er det to senger for dei med behov for lindrande teneste. Kreftkoordinatoren er på avdelinga eín dag i veka og er med på legevisitten. Ein viktig ressurs for både kreftkoordinatoren og legen er palliativt team frå Haukeland universitetssjukehus.

- I kreftomsorga er det viktig å snakka om heimetid. Vi ønskjer å leggja til rette for at dei som har fått sjukdomen får vera heime så mykje som mogleg, seier Inger Fosse.

Frå paneldebatten på Litteraturhuset. - Klikk for stort bileteFrå paneldebatten på Litteraturhuset.  
Samarbeid

Kreftkoordinatoren samarbeider med ei rekkje aktørar for å gje eit best mogleg tilbod til dei som er kreftsjuke. Døme på samarbeidspartnarar er heimetenesta, fastlege, hjelpemiddellageret, fysio- og ergoterapi, frisklivs- og meistringssenteret, psykisk helse, helsejukepleiar, diakon og Kreftforeningen.

Ved spørsmål, ta kontakt med kreftkoordinator Inger Fosse på e-post inger.fosse@oygarden.kommune.no eller telefon 909 63 266.

Tekst og foto: Vigleik Brekke