Fjernundervisning eller heimeundervisning

Grunna smitterisiko vil enkelte born måtte vera heime og vil då få tilbod om fjernundervisning. Nedanfor finn du ei lenkje til eigenerklæringsskjema der ein kan gje informasjon om at barnet, føresette eller andre i same husstand er i risikogruppa og vil ha behov for fjernundervisning.

Skulen og skulefritidsordninga opnar 27. april for elevar frå 1.-4.trinn i grunnskulen.

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

I skjemaet nedanfor kan de også registra om de vel å ta barnet ut av skulen for å gje det heimeundervisning. Kommunen understreker at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Om føresette likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Foreldre som vel å ikkje senda borna på skulen, må sjølv ivareta opplæringsplikta.

Skjema: Eigenerklæring