Fjell ungdomsskule får gjester frå Frankrike

Den 25. mars kjem 17 elevar og to lærarar på besøk til Øygarden kommune og Fjell ungdomsskule. Elevane og lærarane vert innlosjerte privat. Det er framleis behov for fleire vertsfamiliar.

Frå besøket i fjor. - Klikk for stort bileteFrå besøket i fjor.  

Det heile starta med at 30 franskelevar frå Fjell ungdomsskule på besøk i Rouen/Sotteville-lès-Rouen i Frankrike i november 2018. Denne turen var finansiert av Trollmidlar frå DIKU. Lærar på  Fjell ungdomsskule, Trude Bergitte Brovold Kårstad, seier at studieturen var svært vellukka. 

I mars 2019 var ei gruppe elevar og to lærarar frå to collège i Sotteville på gjenvisitt. Dei hadde som mål å øva på å snakka engelsk.  Gjestane var svært nøgde med opphaldet og eit allsidig program.

- Det var innlosjering hjå elevar ved Fjell ungdomsskule, besøk på Fjell ungdomsskule og Knappskog skule, ein dag med Dale Oen Experience, gassanlegget på Kollsnes, terminalen på Sture og el-bil med flatt batteri samt turar på Fjell Festning og Bergen sentrum. Takka vere eit godt samarbeid med Anne Elisabeth Swensson og ei stødig foreldregruppe, er eg stolt av kva vi då fekk presentert, seier Brovold Kårstad.

Det var så vellukka at den 25. mars kjem ei ny gruppe frå eitt av desse collèga. 17 unge og to lærarar gler seg til gode opplevingar. Programmet byggjer på same lesten som i fjor, med nokre justeringar.

- Eg gar fått moralsk støtte hjå Ingrid Larsen på Tranevågen og Cecilie Byrknes på Knappskog. Den største overraskinga og utfordringa, har i år vore kor vanskeleg det er å få vertsfamiliar. Det står att å innlosjera to gutar og dei to vaksne (ein mann og ei dame). Eg er optimistisk og trur det ordnar seg. Ta gjerne kontakt om du har høve til å opna heimen for gjestene frå Frankrike, seier Trude Bergitte Brovold Kårstad som håpar skulen får midlar frå DIKU til ei ny gruppe franskelevar til hausten.