Fire frå Øygarden er i karantene

Fire av passasjerane på Hurtigrute-skipet «Roald Amundsen» kjem frå Øygarden. Det stadfestar smittevernlege Jens Eikås.

Smittevernlege Jens Eikås - Klikk for stort bileteSmittevernlege Jens Eikås 

 

Det er ikkje påvist smitte blant desse passasjerane. Eikås opplyser at den 8. august er alle dei fire ute av karantene.  

På torsdag vart det påvist at eín av innbyggjarane i Øygarden har fått påvist koronasmitte. Så langt er det påvist 56 tilfelle av koronasitte i Øygarden. Kommunen har ikkje stengt sjukeheimane for besøk.

- Dette er noko vi vurderer fortløpande ut frå smittesituasjonen, seier Jens Eikås.

Smittevernlegen ser gjerne at folk ven seg til med å nytta munnbind.

- Der det er tett med folk, er det klokt å nytta munnbind. Dette gjeld til dømes på butikken eller på bussen, seier Eikås.


Tekst og foto: Vigleik Brekke