Fekk overrekt Miljøfyrtårnsertifikat

Fredag fekk Montér Øygarden tildelt Miljøfyrtårnsertifikat.
- Både sentralt og lokalt er Montér oppteken av miljø, seier dagleg leiar Rune Knappen.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekkjer sertifikatet til dagleg leiar Rune Knappen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik overrekkjer sertifikatet til dagleg leiar Rune Knappen. 

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Montér Øygarden er lokalisert på Rong og har om lag halvparten som proffkundar og halvparten som privatkundar.

Rune Knappen seier at Monter vel ut leverandørar som har fokus på miljø.

- Det er viktig at alle gjer ein innsats for miljøet kvar dag. Vi tek eksempelvis imot elektrisk avfall, og sorterer i stort og smått. Skal du skifta ut eit elektrisk verktøy, tek vi imot det som skal kastast, seier Knappen.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at 10-12 verksemder har fått dette sertifikatet etter at den nye kommunen vart etablert i januar 2020.

- Vi ønskjer at fleire bedrifter og verksemder sertifiserer eg. Fleire og fleire kundar er medvitne på at verksemdene har god miljøstandard, seier ordføraren.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke