Fekk mykje støtte for arbeidet med administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) behandla i dag prosjektrådmannen sitt forslag til administrativ organisering av Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen fekk brei støtte frå politikarane for framlegget til den framtidige organiseringa av den nye kommunen.

Frå møtet i PSU i dag. Rune Lid presenterer arbeidet med administrativ organisering. - Klikk for stort bileteFrå møtet i PSU i dag. Rune Lid presenterer arbeidet med administrativ organisering.

PSU er samansett av ni politikarar og seks representantar frå dei tillitsvalde. PSU vedtok med åtte røyster å visa til sak i fellesnemnda av 18. juni i fjor der det vart gjeve fullmakt til prosjektrådmannen med å byggja opp organisasjonen i samsvar med måla i intensjonsavtalen og andre vedtak i fellesnemnda. Mindretalet, dei seks representantane for dei tilsette, røysta for å ta saka om administrativ organisering til orientering slik det går fram av saksutgreiinga.

PSU er samla om å be prosjektrådmannen å sikra framdrift i det vidare arbeidet med etablering av Nye Øygarden kommune. Akademikerne leverte inn ein protokolltilførsel.

Presenterte framlegget til organisering

Prosjektrådmann Rune Lid hadde på møtet ein grundig presentasjon av arbeidet med administrative organiseringa etter at fellesnemnda i juni fjor gjorde vedtak om nivå eín.

– Det har vore eit mål å arbeida for vi-kjensle i denne prosessen. Det har vore entusiasme og stort engasjement. Det er gjort eit godt arbeid i delprosjekta, hovudprosjekta og i overordna styringsgruppe, sa Lid.

Han hadde forståing reaksjonane på at organisasjonane hadde ein kort høyringsfrist etter at hovuddokumentet vart offentleggjort i slutten av februar, men viste til at dette var nødvendig for å sikra framdrift og at dei tilsette skal vera plasserte i stillingar før sommarferien. Ei utfordring i arbeidet med organiseringa er at dei fleste fagmiljøa ønskte å samla seg i eiga eining direkte knytt opp mot nivå eín.

Støttar opp om framlegget

I drøftinga i PSU gav politikarane uttrykk for at dei støttar opp om det arbeidet som er gjort og at dette samsvarar med fullmakta som vart gjeve av fellesnemnda i juni i fjor. Dei hadde forståing for at dette er ein krevjande prosess og krevjande for dei tilsette, men at det har vore ein god prosess.

Tilhøyrarbenken. Lars Sverre Hausnes, til venstre, leverte protokolltilførsel  på vegner av Akademikerne. - Klikk for stort bileteTilhøyrarbenken. Lars Sverre Hausnes, til venstre, leverte protokolltilførsel på vegner av Akademikerne.

 


 


Representantane frå dei tilsette gav også tilbakemelding på at det har vore ein stor takhøgde i prosessen, til dømes i overordna styringsgruppe, trass i at ein ikkje har vore samde om alt. Dei var likevel tydelege på at fristen for å gje uttale til framlegget om administrativ organisering var kort og at det var vanskeleg å samordna høyringsfråsegn. Ein del opplever seg utrygge for framtida. Dei minna også om at politikarane også har eit overordna ansvar for at dei tilsette kan levera gode tenester. Det vart også peika på at mange ikkje kjende igjen i hovudprosjektet det dei hadde produsert i delprosjekta. Synspunktet på at politikarane har eit overordna ansvar for dei tilsette vart også stadfesta frå politiske representantar i PSU.

Tema som vart tekne opp i innlegga var plassering av barn, unge og familie, kulturskulen, IKT, personalavdeling, HMT, arkiv, beredskap, informasjon og splitting av fagmiljø.

Prosjektrådmann Rune Lid sa at det kom inn mange gode innspel på møtet i PSU som han vil ta med i det vidare arbeidet.

– Dette er eit godt grunnlag for mange diskusjonar vidare. Vi er ikkje samde om alt, men eg opplever at vi har openheit og tillit til kvarandre i dette arbeidet, sa Lid.

Måndag 11. mars skal fellesnemnda behandla saka.

Her er innkalling med saksdokument i fellesnemnda.
Her er presentasjonen til Rune Lid. Her er protokolltilførsel frå Akademikerne.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.03.2019
Fann du det du leita etter?