Feiring for 105 år gamle Nancy

Onsdag denne veka var det feiring for Nancy Gjelsvik i husværet hennar på Straume bu- og servicesenter.
- Ho har hatt ei jernhelse, seier dottera Aud Gjelsvik om Nancy som har passert 105 år.

Nancy Gjelsvik fylte 105 år på onsdag.. Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerte henne med dagen.  - Klikk for stort bileteNancy Gjelsvik fylte 105 år på onsdag. Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerte henne med dagen.


Nancy Gjelsvik vaks opp på Steinsland i gamle Sund kommune saman med ni andre søsken. For 80 år sidan (1942) gifta ho seg med Alf Gjelsvik frå Lindås. Dei busette seg i Bergen og fekk fem barn. I den store flokken er det også tippoldebarn.

På feiringa på onsdag var barn, svigerbarn og nokre av barnebarna til stades. Ordførar Tom Georg Indrevik seier at han som ordførar har besøkt fleire 100-åringar, men aldri nokon som har passert 105 år.

- Det var ei stor ære å få besøkja Nancy på 105-årsdagen hennar. Dette var ei imponerande dame med godt humør, seier ordføraren.

Nancy, som er fødd i 1917, er mellom dei få nolevande som har opplevd to verdskrigar.

- Ho vart fødd like før spanskesjuka, men ho vart ikkje smitta, seier Aud Gjelsvik.

Nancy budde i heimen til Aud på Hjelteryggen dei 10 siste åra før ho for nokre få år sidan flytta inn i husværet på Straume bu- og servicesenter.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Astrid Geitle