Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Feira 100-åringen Ingvarda Johnsen

På laurdag var det fest på Toft. Då vart 100-årsdagen for Ingvarda Johnsen markert.

Feiringa i går då ordførar Tom Georg Indrevik kom med helsing og overrekte blomar i jubilanten. - Klikk for stort bileteFrå feiringa i går då ordførar Tom Georg Indrevik kom med helsing og overrekte blomar i jubilanten.  

Dagen vart feira saman med naboar, vener og familie.  Ordførar Tom Georg Indrevik helsa på vegner av kommunen.

- Eg vil takka for den store innsatsen du har gjort på Toftøy skule i 42 år som reinhaldar. Du skal også ha skryt for dei gode lefsene du lagar, sa ordføraren.

Ingvarda var barnefødd og oppvaksen på Krokjen i Toft. Ho var eldste jenta i ein søskenflokk på åtte. I ein artikkel om Ingvarda Johnsen då ho fylte 90 år skreiv Gerhard Vik om då ho i 1939, 18 år gamal, mista ho faren på sjøen vest for Kydlaren, og mora Berta sat att med 5 ukonfirmerte born.

- Eg tente i Bergen den tida, og det var Johan med Løna som kom og varsla meg. Det var frykteleg tøft både for mammo og oss borna. Me fekk 30 kroner månaden frå kommunen til å greia oss med. Men så hadde me eit lite gardsbruk som gav oss poteter, grønsaker og litt kjøt, sa Ingvarda i intervjuet.

Mange på Toftøyna vil hugsa Ingvarda som reinhaldar på Toftøy skule gjenom 42 år. Ingvarda hadde altså også ord på seg for å laga gode lefser. I artikkelen frå 90-årsdagen kan vi lesa at ein kunne kjenna godsmaken att i munnen etter ein smakebit av julelefsa då dei var innom.

Foto: Ottar Vik