Fantastisk gåve til Pleie - og omsorg

Klovner i Kamp med Kari Fjeldstad og Vibeke Os Bratlie - Klikk for stort bileteKlovner i Kamp med Kari Fjeldstad og Vibeke Os Bratlie Av 1000 innsendte bidrag til KLP, gjekk Arbeidsgledeprisen i år til Pleie - og omsorg! Torsdag var det storfeiring for  personalet med ei energibombe av eit humørfylt og entusiastisk Hip-Hop - show av Klovner i Kamp på Tednebakkane omsorgssenter.

Kari Fjeldstad til venstre og Britt Jorunn Landro - Klikk for stort bileteKari Fjeldstad til venstre og Britt Jorunn Landro Ein inspirert ordførar - Klikk for stort bileteEin inspirert ordførar Ein stolt og audmjuk pleie-og omsorgssjef, Britt Jorunn Landro, og ein minst like stolt ordførar entra scenen etter showet og gav full applaus til fantastiske tilsette og gode leiarar som får arbeidskvardagan til å bli meir enn ei plikt, men glede og omtanke for kvarandre. Den som fekk ekstra heder og ære, var Kari Fjeldstad, som hadde sendt inn forslaget.

Klovner i Kamp - Klikk for stort bileteKlovner i Kamp Publikum kosa seg - Klikk for stort biletePublikum kosa seg Hip-Hop - gruppa Klovner i Kamp gav alt og var tydelig imponert over det flotte omsorgssenteret i Øygarden. Og aldri har kantina på omsorgssenteret vore så profesjonelt rigga med eigen scene som denne ettermiddagen. Alle kosa seg, song og klappa med artistane Aslak Alis Hartberg - Klikk for stort bileteAslak Alis Hartberg

Aslak"Alis"Hartberg, Thomas "Fingern" Gullestad og Esben "Dansken" Selvig".  Vibeke Os ThomasFingern Gullestad - Klikk for stort bileteThomasFingern Gullestad

Espen Dansken Selvig - Klikk for stort bileteEspen Dansken Selvig Bratlie, leiar av HMS-teamet i KLP, delte ut prisen. Heile den sentrale leiargruppa i KLP var og til stades og gledde seg over det flotte arrangementet og gåva.

Frå lokalkontoret i Bergen var kundeansvarleg Frode Berge til stades. Han har ansvar for distriktet frå Agder i sør til Møre - og Romsdal i nord. Bergenskontoret har 125 tilsette og er kundesenter for heile landet. Sjølv har Berge vore mange gonger i Øygarden for å gje informasjon og råd til  politikarar, administrasjon og tilsette.

Britt Jorunn Landro og Frode Berge, KLP - Klikk for stort bileteBritt Jorunn Landro og Frode Berge, KLP

Les heile artikkelen om grunngjeving og kommentarar på KLP sine sider KLP-leiarane takkar for seg - Klikk for stort bileteKLP-leiarane takkar for seg

 

Bli kjent med KLP sitt Bergenskontor

Publisert av Ingunn Teigen - Foto og tekst. Sist endra 09.05.2017
Fann du det du leita etter?