Fakturering av årsavgift feiing for 2019 i Fjell kommune

Årsavgift feiing for 2019 i Fjell er no fakturert. Avgifta er på kr. 800,- inkl mva og skal betalast av alle bustader med skorstein og tilkopla eldstad. For 2019 er også fritidsbustader inkludert.

Feiing - Klikk for stort bilete 

Årsavgift inluderer feiing og tilsyn og skal betalast kvart år medan feiing og tilsyn normalt vert utført kvart 4. år.

Dersom du har spørsmål om utført feiing ta kontakt med Øygarden brann og redning. For andre spørsmål ta kontakt med økonomiavdelinga i kommunen.

Årsavgifta er fastsett av kommunestyret i medhald av lov.