Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Evaluerer pensjonstenestene

Formannskapet tilrår å gjennomføra ei evaluering av pensjonstenestene for Øygarden kommune. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Skjermbilete frå kommune-TV. - Klikk for stort bileteSkjermbilete frå kommune-TV. 

I tilrådinga heiter det at arbeidstakarorganisasjonane skal involverast i evalueringa og at kommunestyret skal ta stilling til om ein skal ut på nytt anbod etter at evalueringsrapport ligg føre.

Det var Arbeidarpartiet som fremja forslaget som vart tilrådd med seks mot fem røyster. I tillegg til dei to medlemene frå Arbeidarpartiet, røysta Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet og Sotralista for forslaget.

Høgre, Frp og KrF (fem medlemer) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å gå ut på anbod på forsikra løysing for fellesordninga og at formannskapet skal få fullmakt til å ta stilling til og godkjenna alle framlegg og ta avgjerder i prosessen når kommunestyret sjølv ikkje har møte.

Før inngangen til ny kommune 1. januar 2020 vart det vedteke å velja KLP (Kommunal Landspensjonskasse) som pensjonsleverandør for Øygarden kommune. Bakgrunnen for at saka låg på bordet no er at det i budsjettvedtaket i desember 2020 vart vedteke å gjennomføra ei evaluering av pensjonstenester og få vurdert om det er formålstenleg å gå ut på nytt anbod.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår å etablera aksjonssenter

Formannskapet tilrår samrøystes at det vert etablert aksjonssenter på Øygarden lokalmedisinske senter frå hausten 2021. I tilrådinga heiter det at i samband med revidert budsjett juni 2021 må det vurderast å auka budsjettrammene med 800 tusen kroner til oppstart av aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter - trinn 1. Opptrapping til døgndrift vil ein koma tilbake til i komande budsjett- og økonomiplan. Saka går til kommunestyret.

Gjev tilskot til utarbeiding av detaljreguleringsplan

Det vart tilrådd å gje Ran Seilforening eit tilskot på 300 tusen kroner i samband med utarbeiding av detaljregleringsplan i sjøområdet ved Anglevika, RAN seglbåthamn. Tilskotet vert dekka av disposisjonsfondet. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Revidert budsjett

Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å endra driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet for 2021. Endringa i driftsbudsjettet inneber mellom anna auka utbyte frå BKK på 18,3 millionar kroner. Totalt er inntektene auka med 42,3 millionar kroner. På utgiftssida er det mellom anna sett av 12,4 millionar kroner til ressurskrevjande brukarar. Disposisjonsfondet vert auka med 13,85 millionar kroner. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Brannsjef Bjørn Olav Paulsen gav formannskapet informasjon om brannen i Fjæreide/Kårtveit-området i sist veke - Klikk for stort bileteBrannsjef Bjørn Olav Paulsen gav formannskapet informasjon om brannen i Fjæreide/Kårtveit-området i sist veke. 

Andre saker

  • Formannskapet tok økonomisk status pr. april 2021 til orientering. Saka går til kommunestyret.
  • Formannskapet tilrår over for kommunestyret å ta finansrapport pr. 31.12.0220 til orientering.
  • Det vart tilrådd overfor kommunestyret å vedta framlegg til revidert gebyrregulativ for Øygarden kommune datert 31.05.2021 slik det ligg føre.

Tekst og foto: Vigleik Brekke