Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Evakuerte kan reisa heim

Politiet har konkludert med at evakueringa etter brannen i Spjeldsfjellet i dag kan opphevast.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik 

Dermed kan dei evakuerte koma tilbake til heimane sine i kveld. Det vert difor ikkje nødvendig å gje tilbod om overnatting for evakuerte.

- Eg er glad for at dei evakuerte kan koma tilbake til heimane sine. Det er gjort ein flott innsats frå redningsmannskapa også denne gongen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Det vert stasjonert mannskap frå brannvesenet og Sivilforsvaret ute i terrenget i natt. Det er er registrert røyk frå ulike område, men ikkje opne flammar.

Ågotneshallen, som har vore evakueringssenter, vert stengt i kveld.