Etablererkurs for gründarar

logo-etablerersenteret.png - Klikk for stort bilete Etablerersenteret tilbyr etablererkurs, veiledning/rådgjeving og nettverkstreff til gründarar, entreprenørar og oppstartsbedrifter, både på norsk og engelsk.

Kurstilbod:

Etablerersenteret - Klikk for stort bilete 1-2-3 Etablering – 3 timers kurs – Her lærer ein om det formelle som må på plass for å starta eiga bedrift; val av selskapsform, risiko, skatt, moms, registering, krav etc. Kurset kostar kr.300.

Etablererkurs – 2 heildagskurs – Her går ein djupare inn i forretningsplanen og jobber med forretningside og forretningsmodellering på dag 1. Dag 2 jobbar ein med økonomi og skatt. Deltakarane får heimelekse frå dag 1 til dag 2, der den enklte må presentera seg sjølv; sin elevator pitch.  Kurset koster kr.800.

Økonomikurs – heildagskurs – Her spelar deltakarane seg til økonomiforståelse gjennom spelet Økonomi Illustrator®. Deltakerne blir satt i grupper og jobber sammen om eit gitt case. Kurset koster kr. 700.

Det vert og gitt tilbod om kurspakke med alle tre kursa, som kostar kr.1300.

For framandspråklege, vert det gitt tilbod om to kurs på engelsk; 1-2-3 Start Up (engelsk versjon av 1-2-3 Etablering) og Financial Illustrator (engelsk versjon av Økonomikurset).

Forretningsutviklarane på Etablerersenteret gjev og individuell veiledning/rådgivning.

Kvar månad vert det arrangert Nettverkstreff  på norsk(Treffpunkt) og fire gonger i året på engelsk (Link Up @ The Library).

Sjekk meir informasjon på den nyetablerte nettsida til Etablerersenteret og heile kurskalenderen.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 06.03.2017
Fann du det du leita etter?