Er du pårørande til ein med demenssjukdom?

Denne hausten arrangerer Øygarden kommune samtalegruppe i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd som tilbyr eit pårørandeprogram. Gjennom refleksjon og ulike tema vil vi utforske korleis vi kan finne eit fundament som gir støtte og stabilitet sjølv i ei uviss livssituasjon.

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bilete

Oppstartsmøte

Måndag 14. oktober kl. 18.00 - 19.30 | Kurslokale 2. et. Øygarden lokalmedisinske senter

Omfang

Samtalegruppe 8 måndagar. Kvar samling er frå kl. 18.00 til 19.30.

Her er nokre av temaene som vil bli belyst:

  • Korleis navigere i ny og uviss situasjon?
  • Dilemmaer, vanskelege val og dårleg samvit.
  • «Å miste seg sjølv»: identitet og endra roller.
  • Redsel, frykt og ventesorg. Kor er vegen heim?
  • Korleis finne glede i ei tung tid? Å gå på akkord med seg sjølv.
  • Korleis best støtte familiemedlemer og andre nære pårørande?

Pris

Egenandel: 300,- (uforpliktande dei første gongene).
Hjarteleg velkommen til å ta kontakt om du lurer på om dette er noko for deg.

Nærare opplysningar og påmelding

Alexandra Vik
Telefon: 909 59 396
E-post: alexandra@connectdem.no
www.connectdem.no 

Hege Tveit
Telefon: 911 14 110
E-post: hege.tveit@oygarden.kommune.no

Arrangør

  • Øygarden kommune
  • ConnectDem ideell verksemd 
Logoen til ConnectDem - Klikk for stort bilete