Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Endrar smittevernråd etter auka smitte i Bergen

Den kommunale kriseleiinga i Øygarden har hatt møte i dag som følgje av auka koronasmitte i Bergen. Kommunen tilrår mellom anna bruk av munnbind for kollektivreisande, innskrenking ved besøk på institusjonar og oppmoding om å nytta heimekontor. 

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik   

Kommunen tilrår ikkje no å skjerpa smittevernråda når det gjeld private og offentlege samlingar. Regelen er framleis at det på private samlingar kan vera inntil 20 personar til stades, medan det på offentlege arrangement kan vera maksimalt 200 personar til stades.

- Smittevernråda til Øygarden kommune byggjer på smittestatus i kommunen vår pr. dato. I Øygarden er det etter måten lite påvist smitte, og vi opplever å ha situasjonen under kontroll. Dei endra smittevernråda er tekne etter dialog med Folkehelseinstituttet i dag. Heilt sidan starten av koronaepidemien har vi basert våre tiltak på råda frå dei sentrale styresmaktene, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Øygarden kommune minner om at ved alle arrangement må alle gjeldande smittevernreglar følgjast. Ved arrangement som inkluderer deltakarar frå forskjellige kommunar/regionar, bør det takast særlege omsyn.

Etter møte i den kommunale kriseleiinga er det konkludert slik:

  • Kollektivreisande vert tilrådd å nytta munnbind der det er stor trengsel og det ikkje let seg gjera å halda ein-metersregelen. Dette gjeld ikkje for barn under ungdomsskulealder.
  • Reglane for besøk på institusjonar vert stramma inn. Her vil den enkelte institusjon gje informasjon.
  • Kommunalt tilsette som må nytta kollektivtransport, vert oppmoda om å nytta heimekontor. Kommunen oppmodar også bedrifter i kommunen om å leggja til rette for auka bruk av heimekontor.

Øygarden kommunen vil fortløpande vurdera aktuelle tiltak ut frå utviklinga av lokal smittestatus.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke