Endrar organiseringa frå 1. september

Øygarden kommune er i dag organisert etter to-nivå-modellen. Dette er ei krevjande organisasjonsform. Kommunedirektør Johnny Breivik har vurdert denne organiseringa og konkludert med at ein ikkje har lukkast godt nok med å samhandla og utnytta kapasiteten optimalt.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete 

Kommunen har så langt i år eit meirforbruk, og det er ikkje samsvar mellom inntekter og utgifter. Kommunestyret har kome med ei klar bestilling på at kommunedirektøren må gjennomføra tiltak for å oppnå budsjettmåla. På bakgrunn av dette vert det gjort nokre endringar i organiseringa med verknad frå 1. september. Endringane byggjer også på innspel og drøfting med dei tillitsvalde.

I dag er støttefunksjonane samla i ein felles stab (Økonomi og organisasjon). Erfaringane viser at korkje den øvste leiinga eller einingane får god nok tilgang på desse ressursane.

Øygarden kommune skal framleis følgja prinsippa i to-nivå-modellen der einingsleiarane har same mynde som i dag, men det vert gjennomført tiltak som sikrar heilskapen.

- Løysinga med eín stor felles stab (Økonomi og organisasjon) for alle støttefunksjonane skal gradvis endrast. Kommunalsjefane vil få tildelt ressursar for å handtera løpande oppgåver innan HR*, økonomi og fagleg utvikling, seier kommunedirektør Johnny Breivik.                                                                  

HR og organisasjon vert eige strategisk område

I fase 1 vert det noverande kommunalsjefområdet for Økonomi og organisasjon delt i to med eín leiar for HR og organisasjon og eín leiar for finans og økonomi. Dei tenesteytande områda (Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn) skal framleis leiast av kvar sin kommunalsjef.

Organisasjonskart - Kommunedirektør med kommunalsjefar - Klikk for stort bilete

Formålet med endringane

Bakgrunnen for endringane er å sikra betre økonomisk styring og kontroll. Endringane inneber auka fokus på HR, organisasjonsutvikling, kompetanseutvikling og rekruttering, rutinar, kommunikasjon, kulturbygging og lagånd.

- Dette skal bidra til at ansvarsforhold og oppgåvefordeling vert tydeleggjort, seier kommunedirektøren.

Utvida leiargruppe

Det vert etablert ei utvida leiargruppe som vert samansett av den overordna leiargruppa og strategisk rådgjevar, kommunikasjonssjef, beredskapssjef, kommuneoverlege og kommuneadvokat.

Skisse utvida leiargruppe - Klikk for stort bilete

Endringar i leiinga

Organisasjonsomlegginga, fører til endringar i leiinga:

  • Finans- og økonomisjef: Anne Erdal
  • HR- og organisasjonssjef: Anne-Merete Vabø Haugane
  • Konstituert kommunalsjef for Oppvekst: Marius Flesland Sylta
  • Konstituert innkjøpsleiar: Trude Espedal Jensen

Stillinga som kommunalsjef for Oppvekst vert seinare utlyst eksternt for permanent tilsetjing.

Sjå presentasjon av organisatoriske tiltak her (PDF, 304 kB)

* HR: Personal, HMT, kvalitet, organisasjonsutvikling og kommunikasjon