Det heile starta med utdeling av bollar og kaffi til dei bussreisande frå klokka 07.00 på bussterminalen på Straume. Seinare var det spektakulære trail-show ved Ågotnes idrettshall midt på dagen og på Spildepollen sykkelbane om ettermiddagen. På Ågotnes fekk 8. trinn på Tranevågen ungdomsskule og 5. og 6. klasse på Ågotnes skule gleda av å vera med på markeringa av mobilitetsveka.
Mobilitetsveka er den største kampanjen i Europas for miljøvenleg transport. Temaet i år er «Betre forbindelsar». Målet er å visa korleis vi kan reisa smartare og meir miljøvennleg. Mobilitetsveka er eit samarbeid mellom Miljøløftet og kommunar i bergensområdet.
Det er smart å sykla
Ein smart og miljøvennleg måte å koma seg fram på, er å sykla. Det gjer Celina Solsvik Landro og Alejandro Suarez i klasse 6 b på Ågotnes skule.
Alejandro Suarez og Celina Solsvik Landro syklar ofte når dei skal til skulen.
- Eg syklar stort sett alle dagar til skulen, sommar og vinter. Det tek om lag 10 minutt å sykla frå heimen i Grønebakkane til skulen. Det er gøy å sykla, seier Celina.
Kvifor syklar du så mykje?
- Fordi eg slepp å køyra med bil. På skulen har vi oppgåver der vi skal svara på kva vi kan reisa med i staden for bil, seier ho.
Også Alejandro likar å sykla. Han bur på Valderhaug og klarer å sykla til skulen på to – tre minutt.
- Eg syklar ofte, men deg måtte sitja på med bil til skulen då eg vart skadd i foten. Av og til syklar eg til trening også.
- Er det trygt å sykla på Ågotnes?
- Vi syklar på fortau eller gang- og sykkelvegen. Av og til må me kryssa vegen over gangfelt, men då går me av sykkelen, seier Alejandro.
Basecamp stilte som vanleg opp og hjelpte elevane med sykkelservice. På biletet er det Bjørnar Dalseide som justerer bremsene på ein av syklane.
Basecamp RePro gav tilbod om kurs i lapping og bremsejustering. På Ågotnes vart det helst lite tid til kurs. Elevane stod i kø for å få justert bremsene og fylt luft i dekka. Uansett hadde Joachim Dalland og Bjørnar Dalseide frå Basecamp meir enn nok å gjera.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: