Elevane gler seg til Energimessa

22. og 23. mars skal elevar frå grunnskulen og den vidaregåande skulen visa fram kreative og innovative løysingar for framtida på Energimessa på Sartor Storsenter.
- Det blir veldig gøy og spennande å visa fram det vi har laga til Energimessa, seier Jørgen Bergsvik Hatløy i 5. klasse på Knappskog skule.

Elise Brekke, Tiril Olderkjær Rabben, Natalie Wilhelmsen Skår, Jørgen Bergsvik Hatløy og Fredrik Bergsvik Hatløy på Knappskog skule gler seg til Energimessa. - Klikk for stort bileteElise Brekke, Tiril Olderkjær Rabben, Natalie Wilhelmsen Skår, Jørgen Bergsvik Hatløy og Fredrik Bergsvik Hatløy på Knappskog skule gler seg til Energimessa. Anders Ekanger

Etter nokre års opphald på grunn av pandemien, er Energimessa sterkt tilbake med utstillingar og framtidsvisjonar.

– Det er viktig at Energimessa er tilbake. Det byggjer fellesskap å ha slike arenaer der elevar og lærarar frå ulike skular kan møtast. Vi har sakna desse fysiske møteplassane siste åra, seier Ingvild Vikingsen Skogestad, avdelingsleiar for mellomtrinnet på Knappskog skule.

Det er offisiell opning 22. mars klokka 12.00.

Opningstider:

  • Onsdag 22. mars 12.00 – 19.00
  • Torsdag 23. mars kl. 11.00 – 16.00

Torsdag kl. 11.00 vert det delt ut tre prisar på fem tusen kroner til utstillarane.

Les meir på nettsida til Vest Næringsråd.