Eld utandørs og forbod mot bålbrenning

Veslevarden - 01-01-06 - 02.JPG - Klikk for stort bilete Me er inne i en svært tørr og solrik periode, og skogbrannfareindeksen viser stor og aukande fare for brann i vegetasjonen. Det har i dei siste dagane vore tillaup til fleire utmarksbrannar i regionen.

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot bål i skog og mark. I einskilde tilfelle er det likevel lov å gjera opp bål dersom det openbart ikkje kan medføra brann. Den høge skogbrannfareindeksen i vårt område viser at ein for tida ikkje kan garantere at bruk av eld utandørs ikkje vil medføra brann.

Fram til me får nedbør er det difor ikkje tilrådeleg å gjera opp bål eller å nytta eingongsgrillar i naturen. Dette gjeld og for sviing av lyng og flatebrenning.

Om ein er i tvil kan ein følgje skogbrannindeksen på YR eller ta kontakt med brannvesenet på tlf: 930 55010

 

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 08.05.2017
Fann du det du leita etter?