Ekstremsport - veke med fokus på sjø og land i Øygarden 2024

Øygarden kommune inviterer til eit moglegheitsmøte i lag med frivillige og reiselivsnæringa i Øygarden for å sjå om det kan etablerast ei «ekstremsport veke» i Øygarden 2024.

Kollage med bilete av kajakk, sup-brett, klatretau, ribb og vannscooter - Klikk for stort bilete

Dato | Tid | Stad

Måndag 19. juni kl. 17.00 | Straume Teknologisenter, Trollhaugmyra 15, Straume

Vi inviterer til eit moglegheitsmøte som kan fungera som ei idémyldring og vera til inspirasjon. Vi er opne for alle typar ekstremsportaktørar.

Vi leitar etter aktørar som ønskjer å satsa, å bidra og vera med og ta ansvar for realisering i etterkant. Og vi veit også at det finst lokale øygardsværingar som drøymer om å skapa noko meir i Øygarden.

Vi søkjer også etter grunneigarar med spektakulære område som dei ønskjer å få utvikla. Vi håpar at dette møtet kan bidra til at gode idear og initiativ kan møtast slik at ein kan få til gode prosjekt.

Program

  • Velkommen v/leiar i utval for samfunnsutvikling Andreas Kallekleiv og ordførar Tom Georg Indrevik
  • Visit Bergen orienterer om andre sine erfaringar når det gjeld ekstremsportar, løp osv. – inntektsmoglegheiter, ringverknader
  • Kulturleiar Christel Møvik-Olsen introduserer metodikk for arbeidsverkstad
  • Avslutning – vegen videre

Påmelding

Meld deg på her

Påmeldingsfrist er 16. juni.

Arrangørar

Vest Næringsråd, Visit Bergen, Øygarden næringsutvikling og Øygarden kommune.


Foto: Kyrre Flotve og Monica Hovland